Hopp over navigasjonskoblinger.

Årstad allmennpsykiatriske poliklinikk 

 
Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med opptaksområde Årstad og Ytrebygda bydelar.
 
Telefon: 55 38 41 00
Besøksadresse:
Solheimsgaten 23 B, 5054 Bergen

Postadresse:
Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS, Årstad allmennpsykiatriske poliklinikk
5021 Bergen


Poliklinikken tilbyr psykiatrisk utgreiing og behandling til pasientar med allmennpsykiatriske problemstillingar etter tilvisning, og der pasienten vert vurdert å ha rett til nødvendig helsehjelp. (jmf "Lov om pasientrettar”).

I praksis vil det sei at pasientar med alvorlige psykiske plager og høgt lidingstrykk blir prioritert og får eit tilbod innan ein tidsfrist
(jmf ”
Prioriteringsveileder innen Psykisk helsevern for voksne”)

Kva kan vi tilby

Poliklinikken har brei tverrfagleg kompetanse, med medarbeidarar med fordjupning innan ulike terapiretningar og former, mellom anna medikamentell behandling, kognitiv terapi, psykodynamisk terapi og traumebehandling.

Poliklinikken samarbeider med fastlegar, NAV, avd. psykisk helse, sengepostar ved sjukehus og DPS og andre relevante instansar.
Vi kan og tilby rettleiing og undervisning etter behov.

 

Oppstart i  poliklinikken

Pasientar som blir vurdert å ha rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, blir kalla inn til en førstegongsamtale innan den oppgitte fristen. Denne samtalen vil være ein vurderingssamtale, der ein søkjer å avklåre behovet for behandling vidare. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i poliklinikken, vil det ofte bli gjort ei utgreiing før det blir tatt stilling til vidare behandling i samarbeid med pasienten.


Det er sjeldan mogeleg å gje tilbod om mange års oppfølging i poliklinikken. Dersom pasienten treng langtidspsykoterapi, bør som hovudregel pasienten tilvisast til privatpraktiserande spesialist som har avtale med Helse Vest RHF. Eigendelen er den same hos disse som ved poliklinikken.


Ein del pasientar vert vurdert til å ha behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, men ikkje rett til nødvendig helsehjelp med definert frist for oppstart.  Dei får brev om dette og blir sett på venteliste som rett til annan helsehjelp. 

Poliklinikken pliktar å føre venteliste for denne gruppa pasientar, men har på grunn av stor søknadsmengde dessverre liten kapasitet til å gje eit tilbod. Tilvising til privatpraktiserande spesialist vert difor tilrådd. Dersom tilstanden vert forverra, er det viktig at fastlegen sender ny informasjon til poliklinikken. Poliklinikken kan gje råd og rettleiing til fastlegen i ventetida.


Korleis er vi organisert

Vi har to tverrfaglige samansette team, med psykologspesialistar, psykiater, psykologar og legar i spesialisering. I tillegg har poliklinikken  to psykiatriske sjukepleiarar og klinisk sosionom.

Pasientsaker blir jamnleg drøfta i teama for å sikre god fagleg kvalitet på tilbodet. Vi ønskjer eit nært samarbeid med primærhelsetenesta, i hovudsak fastlege og den kommunale psykiatritenesta.


Tilvisingar

Tilvisingar kjem for det meste frå fastlegar, men nokre kjem også frå legevakten og sjukehuset.

Alle tilvisingar blir drøfta på inntaksmøte kvar veke og vurdert av psykiater og psykologspesialist.
Pasienten si helsetilstand vert primært vurdert ut frå opplysningar i tilvisinga, og det er difor viktig at denne inneheld relevante opplysningar om sjukehistoria, symptoma og tidligare forsøk på behandling.  


Skriftleg tilbakemelding til pasient og fastlege skjer innan 30 virkedagar frå tilvisinga er motteken og innan 10 virkedagar for vaksne under 23 år.

Ventetid for oppfølging/behandling av pasientar som får ”rett til nødvendig helsehjelp”, vert vurdert ut frå det som er medisinsk forsvarleg og er individuelt for kvar pasient.

Fristen er difor avhengig av pasientens tilstand og ikkje av poliklinikkens kapasitet. I poliklinikken vil dei fleste med ”rett til helsehjelp” få time i løpet av 1-3 mnd avhengig av problemstilling.

Dersom poliklinikken ikkje klarer å halde fristen, kan pasienten få hjelp via HELFO pasientformidling (sjå: dine rettar som pasient)


Generell informasjon

Poliklinikken har same elektroniske journalsystem som sjukehuset, men tilgang er avgrensa ut frå oppgåver ein har som fagperson. Pasientar har rett til å be om sperring eller utskrift av journal.


 

 

 


Publisert 06.06.2010 20:18 | Endret 11.05.2011 12:18 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo