Informasjon om Kreftavdelinga sin poliklinikk.
Sted: Parkbygget, 1.etasje.
Opningstid:måndag – torsdag kl. 08.00-18.00
fredag kl. 08.00-15.30
For kontakt:
For endring eller spørsmål vedrørande poliklinisk time:
Tlf: 55 97 2 036.
For kontakt med sjukepleiar: Tlf 55 97 20 37.
Andre kontaktbehov: Ver grei å kontakte ekspedisjonen, Kreftavdelinga. Tlf: 55 97 20 10.
Personalet: Personalet omfattar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og sekretærar.
Det er eit nært samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog, tannpleiar og sjukehusprest.
Hovudaktivitet
På poliklinikken blir det gjort vurdering, behandling, oppfølging og kontroller av kreftpasientar. Det er mange ulike diagnosegrupper. Dei største pasientgruppene finn vi innan tarmkreft, brystkreft, prostatakreft og lymfekreft. Vi formidlar kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar.Personalet deltar også i undervisning og rådgiving til pasientar, pårørande og andre helsearbeidarar.
Andre samarbeidspartnarar:
Vi arbeider tett med palliativt team og andre spesialeiningar på sjukehuset. På same måte prøver vi å få til eit godt samarbeid med lokalsjukehus og pleie- og omsorgstenesta. Vi formidlar også kontakt med Sunniva Klinikk for Lindrande behandling, Røde Kors palliativ avdeling, Kreftforeininga og andre aktuelle instansar.
Publisert
09.06.2010 21:56 |
Endret
01.11.2010 13:45