Mediekontakt mellom tilsette og media 

 

Retningslinjer for mediekontakt mellom tilsette og media.

 

Haukeland universitetssjukehus skal vere open for innsyn og tilgjengeleg for media. Ei open haldning og ytringsfridom er berande element i kommunikasjonsstrategien til føretaket. Omsyn til pasientar og pårørande (helsearbeidarar si teieplikt) og den rolle og vekt helseekspertar eller –autoritetar blir tillagt i den offentlege debatten, gjer at alle tilsette må ha ei gjennomtenkt haldning til kva dei uttalar til media.

FØREMÅL
Retningslinjene gjeld for alle tilsette i Sjukehuset som blir kontakta av journalistar eller på eige initiativ tar kontakt med media. Målet er at omverda gjennom media skal få:

- kjennskap til dei behandlingsmoglegheiter vi tilbyr
- få del i den kunnskap vi forvaltar
- få innsikt i dei utfordringar vi står overfor
- få eit balansert og realistisk bilde av verksemda

TALSPERSONAR
Offisielle talspersonar for helseføretaket er styreleiar, administrerande direktør og kommunikasjonsdirektør. Divisjons-, klinikk-, stabs- og avdelingsdirektørar er talspersonar for sine respektive fag- og styringsområde.

Leiarar uttalar seg om saker under eige ansvarsområde, mens fagpersonell kan uttale seg om sitt spesielle fagområde. Det følgjer eit stort ansvar med å uttale seg i media. Derfor er det viktig at det berre er tilsette med relevant ansvar og mynde, samt relevant kunnskap om saka, som uttalar seg til media på vegne av føretaket.

Kommunikasjonsavdelinga skal alltid informerast om mediesaker der tilsette blir bedt om å uttale seg på vegne av Sjukehuset. Dette punktet er ikkje meint som sensur av nokon, men er viktig for å sikre at Kommunikasjonsavdelinga, som er Sjukehuset si fagavdeling innanfor dette området, har ei samanhengande god oversikt over den mediekontakten som skjer. 

Dette gjeld ikkje berre negative saker. Like viktig er det å få samkøyrt dei positive sakene som media bringar.

SPESIELT VANSKELEGE MEDIESAKER
Administrerande direktør er ansiktet utetter med mindre det er spesifikke faglege tema som avdelingsleiarar eller andre har spisskompetanse for å uttale seg om.

I spesielt vanskelege faglege saker som har betyding for omdømmet til heile føretaket, kan administrerande direktør overta ansvaret for all mediekontakt.

Administrerande direktør og kommunikasjonsdirektør skal varslast omgåande når det er fare for at ei sak kan føre til negativ profilering av Sjukehuset.

Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for å leggje til rette for at media får ei moglegheit til å bringe føretaket sitt syn på saka. Det gjeld pressemeldingar eller anna direkte kontakt med enkeltredaksjonar så tidleg som mogleg i utviklinga av saka. Tidsaspektet er viktig for å ha ei moglegheit til å leggje premissa for media si dekning.

Kommunikasjonsavdelinga er ansvarleg for å koordinere media sin kontakt med ulike personar og avdelingar i vanskelege mediesaker. Erfaringsmessig vil media forsøke seg via fleire kanalar for å få innpass, derfor er det viktig at kontakten går via ein person/ei avdeling for å sikre at alle som skal uttale seg er samkøyrde.

Kommunikasjonsavdelinga skal vere tilgjengeleg for medierådgiving til personar som skal ha kontakt med media. Det kan dreie seg om rådgiving i forhold til bodskapsutforming, timing, medieval eller medietrening på førehand av intervju om vanskelege tema.

VARSLING  
Tilsette som meiner avgjerder eller handlingar er uforsvarlege i forhold til pasientbehandling, tilsette sine arbeidsforhold eller liknande har plikt til å ta dette opp internt. Media er ikkje rette kanal for å ta opp kritikkverdige forhold i første omgang.

Varsling skal i utgangspunktet skje til nærmaste overordna. I særlege tilfelle kan det varslast til leiar på høgare nivå, eventuelt til styret. Uavhengig av til kva nivå i linja det blir varsla, kan ein alltid varsle til verneombod, tillitsvald eller aktuelle tilsynsorgan.

I tillegg er det etablert eit varslingsombod, som skal ta i mot varslar frå arbeidstakarar som ikkje ønskjer eller føler seg trygg nok til å sei frå om kritikkverdige forhold til leiinga, tillitsvald eller verneombod.
Det blir vist til paragrafane om varsling i Lov om helsepersonell og Lov om arbeidsmiljø og til føretaket sine interne retningslinjer for varsling.

PRIVATE YTRINGAR
Desse retningslinjene skal ikkje avgrense ytringsfridomen til den enkelte medarbeidar som privatperson eller som tillitsvald ved Sjukehuset. Anten ein skriv sjølv eller lar seg intervjue, må det gå klart fram om ein uttalar seg på vegne av føretaket, som tillitsvald eller som privatperson.
 
Mange tilsette i Sjukehuset har kunnskap, innsikter og erfaringar som har verdi i samfunnsdebatten og som det er viktig å stå fram med.

Som fagperson: Kronikkar og debattinnlegg av fagleg karakter skal signerast med namn og eventuelt posisjon og arbeidsstad – og i denne rekkefølgje.

Som privatperson: Ytringar som IKKJE har med utøvinga av fag/yrke i føretaket å gjere, skal signerast med namn, eventuelt yrke og bustad. (eksempel: Anne Olsen, sjukepleier, Bergen)

PASIENTAR I MEDIA
Medarbeidarar som uttalar seg til media må vise lojalitet overfor pasientar og pårørande ved å følgje opp deira retter, ivareta teieplikta og verne om integriteten til pasientane.

I kontakten med massemedia må føretaket sine medarbeidarar vise spesiell aktsemd når det gjeld opplysningar som kan identifisere pasientar eller pårørande.
Pasientar og pårørande skal skjermast mot uønska mediekontakt.

Dersom pasientar sjølve ønskjer å la seg intervjue av media, skal tilsette sørgje for å leggje forholda til rette dersom pasienten etter ei medisinsk vurdering blir sett på å vere i stand til å ivareta eigne interesser.

All mediekontakt inne på Sjukehuset skal leggjast til rette på ein slik måte at det ikkje er til hinder for drifta eller til sjenanse for andre pasientar / pårørande.
Det er leiaren på den aktuelle avdeling/post som kan gi løyve til besøk av media.

FOTO/VIDEO
Både aviser, tidsskrifter og TV ønskjer bilde til saker dei tar opp. Pasientane sjølve avgjer om dei vil la seg fotografere/filme, så framt at dei etter ei medisinsk vurdering blir sett på å vere i stand til å ivareta eigne interesser.

Av omsyn til andre pasientar og pårørande på Sjukehuset, skal ansvarleg leiar på avdelinga avtale reglar for fotografering og videofilming.

Enkelte gonger ønskjer media illustrasjonsfoto knytt til spesielle behandlingsmetodar, avdelingar eller liknande der pasientane skal vere anonyme.

På bakgrunn av enkelte uheldige erfaringar med at pasientar er blitt gjenkjent på slike bilde, skal avdelingane berre tillate denne typen illustrasjonsfotografering dersom ansvarleg representant for avdelinga får godkjenne dei bilda som skal brukast.

TEIEPLIKT
Som helseføretak har Sjukehuset mykje informasjon som berre skal brukast i kontakt mellom behandlarar og pasient. Teieplikta til dei helsetilsette er lovfesta i Lov om helsepersonell og i  Lov om pasientrettigheter.

Det hender at pasientar og/eller pårørande gir melding om at helsepersonellet er fritatt frå teieplikta. Eit slikt fritak må gjelde all relevant informasjon og skal så langt råd er, ikkje avgrensast til eitt medium.

Det er laga eit standardformular for fritak som media blir oppfordra til å bruke når dei skal få kjeldene sine blant pasientar/pårørande til å frita Sjukehuset frå teieplikta.

Om pasienten eller pårørande fritar nokon frå teieplikta, inneberer det likevel ikkje ei opplysningsplikt overfor media. Legar og anna helsepersonell skal gjere ei sjølvstendig vurdering om i kva grad opplysningar skal givast, og kan avslå å gi opplysningar til pressa utan ei nærmare grunngjeving. Omsynet til kva som er til beste for pasienten skal vege tyngst.

I høgt profilerte mediesaker der media si framstilling er svært skeiv/feilaktig og egna til å gjere befolkninga unødvendig utrygg, skal føretaket ved administrerande direktør vurdere å bruke dei moglegheiter som lova gir til å gjere unntak frå teieplikta.

ULYKKESINFORMASJON
Ved større ulykker der beredskapsalarmen blir utløyst, gjeld eigne retningslinjer.
Ved mindre ulykker, kan Sjukehuset formidle tilstanden til dei involverte til media dersom pasientane eller dei pårørande ikkje eksplisitt motset seg dette. Beskrivingane av tilstanden til pasientane skal så langt det er mogeleg følgje dei formuleringane som er spesifisert i pressemeldingsskjemaet til føretaket.

Kommunikasjonsavdelinga er ofte bindeleddet til media, og avdelinga skal halde media oppdatert på situasjonen frå dag til dag. I spesielle tilfelle med stor mediepågang også fleire gonger om dagen.

Dersom ein pasient som har vore involvert i ei ulykke dør, må Kommunikasjonsavdelinga på førespurnad også få informasjon om dette. Slik informasjon skal ikkje givast vidare til media før alle pårørande er varsla. Den aktuelle avdelinga skal varsle Kommunikasjonsavdelinga når pårørande er varsla og informasjonen kan givast vidare til media.

INTERNE FORHOLD OG MEDIA
Sjukehuset har ca 10.000 tilsette. Opplysningar om tilsette skal også behandlast  konfidensielt. Saker som gjeld forhold mellom tilsette eller mellom tilsett(e) og leiar(ar) høyrer primært ikkje heime i media.

Interne konfliktar skal løysast i tråd med arbeidsmiljølova og gjennom verneombod, eventuelt i samarbeid med tillitsvalde og fagorganisasjonane.

Sjukehuset har eigne retningslinjer for varsling.

KONTAKT KOMMUNIKASJONSAVDELINGA
Kommunikasjonsavdelinga er sjukehuset sin fagressurs på handtering av media og medierelasjonar. Tilsette med medieansvar blir oppfordra til å bruke denne ressursen aktivt. Kommunikasjonsavdelinga arrangerer også interne kurs i mediehandtering for å hjelpe tilsette til å bli meir profesjonelle i møte med journalistar.

Kommunikasjonsavdelinga kan treffast på:
55 97 60 00 (dagtid),
95 89 04 45 (utanom kontortid)
e-post:
info@helse-bergen.no


Publisert 13.07.2010 14:52 | Endret 22.05.2012 10:50 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo