Vi diagnostiserer, behandlar og informerer om seksuelt overførte sjukdommar.
Besøksadresse
Hudavdelinga - inngang Hud poliklinikk 1. etasje. Du finn oss innerst i gangen.
Telefon 55 97 39 60 eller 55 97 39 62
Kvem kan kontakte oss?
Du kan kome direkte utan tilvisning frå annan lege dersom du:
- har mistanke om at du kan vere smitta med seksuelt overførbar sjukdom
- ønskjer å bli undersøkt for seksuelt overførbar sjukdom
- ønskjer informasjon om seksuelt overførbar sjukdom
Alle pasientar må vise gyldig ID før dei får kome til hos oss.
Kontakt din eigen lege ved:
Opningstider
- Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi tar imot pasientar mellom 8.30 og 14.00 alle kvardagar
fredag frå kl. 09.15.
- OBS! Inntak av pasientar blir stoppa tidlegare ved stor pågang. Vi råder deg til å komme tidleg.
- Du kan trekke kølapp frå kl. 8.00
- Vi kan kontaktast pr. telefon mellom kl. 8.00 og 15.00
- Det er lurt å kome før kl. 11, sidan vi ofte har stor pågang
- For generell informasjon om opningstider og ventetid kan du ringe oss.
Ventetid
Kor tid og korleis får du svar på prøven?
Ei veke etter undersøkinga ringer du poliklinikken:
(55 97 39 60) og får svar på prøven.
Vi oppgir prøvesvar mandag, tirsdag og torsdag mellom kl. 09.00 og kl. 14.30.
Kva kostar konsultasjonen?
Konsultasjon ved SOI-poliklinikk er vanlegvis gratis, men det er visse unntak.
Konsultasjonen er gratis dersom:
1. Du mistenkjer at du har ein seksuelt overførbar sjukdom. I praksis gjeld dette alle som kjem hit første gang.
2. Du har fått påvist det som blir definert som allmennfarleg smittsom sjukdom. Dette er: Klamydia, Gonoré, HIV, Hepatitt B og Syfilis.
Betale ved kontroll
Dersom du kjem til kontroll ved SOI-poliklinikk av annan årsak, må du betale. Dette gjeld ved:
- Kondylom
- Herpes
- Sopp
- Bakteriell vaginose
- Hudsjukdommar
- Dersom det gjeld prøvar i samband med visumsøknad, må du ta kontakt med fastlegen din.
Publisert
02.05.2010 14:48 |
Endret
28.10.2011 09:41