Kateterbasert ablasjonsbehandling av hjartearytmiar 

 
Kateterbasert ablasjonsbehandling av hjartearytmiar er ein høgspesialisert, fleirregional funksjon på Haukeland universitetssjukehus. Ved kateterablasjon av hjarterytmeforstyrringar (arytmi) blir det sendt elektrisk energi, via elektrodekateter gjennom blodårene, til område i hjartet der arytmi oppstår. Energien blir omdanna til varme, området blir koagulert og arytmi blir fjerna.
 

Ablasjonsbehandling av hjarterytmeforstyrringar har vore eit tilbod ved Haukeland sidan 1991. Om lag 400 pasientar blir behandla i året. Miljøet på sjukehuset har vore fremst i å ta i bruk nye metodar i Noreg. Vi har totalansvar for behandlinga i Helse Vest, men tar i mot tilvisingar frå heile landet for kompliserte tilfelle. 

Verksemda har kravd store utstyrsinvesteringar og spesialutdanna personell.
 
Frå 2001 har ein også ablasjonsbehandla atrieflimmer som nå utgjer arytmiproblemet hos meir enn 40 prosent av pasientane. I 2007 opna eit nytt laboratorium ved hjelp av gåvemidlar frå Trond Mohn og Noregs Forskingsråd slik at verksemda disponerer to laboratorium. Det nye laboratoriet har magnetisk navigasjonsutstyr som gjer det muleg å fjernstyre kateter i hjartet frå eit operatørrom. Dette gir mindre fysisk belasting og strålebelasting på personalet.

 

 
Bileta ovafor viser ablasjonslaboratorium med magnetbasert fjernstyring, operatørar i kontrollrom og biletframstilling av hjartet med informasjon om rytmeforstyrring og pågåande behandling.

 

Avdelinga har også, som så langt einaste i landet, tatt i bruk ablasjonsbehandling med fryseteknikk. Metoden er særleg aktuell ved arytmibehandling hos barn og ved auka risiko for skade på normalt leidningssystem på grunn av arytmisubstratet sin lokalisasjon.

Her blir det bruka flytande nitrogen for å senke temperatur til frysepunktet i ablasjonskateteret. Ved gradvis senking av temperaturen kan ein observere om ablasjonen har uheldig effekt på det normale leidningsverket til hjartet. Ein kan dermed raskt reversere effekten utan å lage permanent skade og endre kateterposisjonar (figur 4-5). Ved bruk av elektrisk energi er vevspåverknaden oftast irreversibel.

 
 

Bileta ovafor viser kateter for frysebehandling av arytmi med is på tuppen og kontrollskjerm som viser temperaturkurva under kartlegging på minus 30 grader C og under frysebehandling med minus 80 grader C.

I 2009 har ein i aukande grad utført ablasjonsbehandling av dels livstrugande ventrikulære arytmiar hos pasientar med strukturell hjartesykdom som har gjennomgått hjerteinfarkt. Mange av desse pasientane har fått implantert automatisk defibrillator (ICD) og har prøvd alle tilgjengelege medikament mot arytmianfall. Behandlinga er mest aktuell ved vedvarande arytmi og ved hyppige anfall av arytmi som medfører ICD-innslag.

 

Klinisk aktivitet
Nytilviste pasientar som er behandla i 2009 er 383. Av dette har Helse Vest RHF: 80 prosent, Helse Sør-Øst RHF: 8 prosent, Helse Midt-Norge RHF: 2 prosent, og Helse Nord RHF: 10 prosent.

Stab
I 2010 har eininga for ablasjonsbehandling tre overlegar, 0,5 delstilling teknikar/ ingeniør, ein professor (emeritus) og 2-3 sjukepleiarar i drifta.

Utvikling og forsking
Historikk, publikasjonar og prosjekt frå dei siste åra finn du her

 


Publisert 14.06.2010 09:40 | Endret 24.08.2010 15:54 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo