Rådgivingssenteret for mor og barn består av Ammepoliklinikken, Barselpoliklinikken og Samtalepoliklinikken. I tillegg er Jordmor hjem organisert under Rådgivingssenteret for mor og barn.
Ammepoliklinikken
Har du problem med starten på amminga? Då kan du kome til oss for oppfølging. Vi har og ledige timar tilgjengeleg for kvinner med andre problemstillingar som oppstår seinare i ammeperioden.
På Ammepoliklinikken arbeider det jordmødrer og barnepleiarar med spesialkompetanse på amming.
Telefon: 55 97 41 88
Ringetid: tirsdag og torsdag frå kl. 14.30 - 16.00.
Timeavtale: tirsdag og torsdag frå kl. 16.00 - 21.00.
Barselpoliklinikken
Nybakte mødrer kan få ein oppfølgingstime på Barselpoliklinikken etter heimreise frå Barsel.
Telefon: 55 97 41 84
Samtalepoliklinikken
 |
| På Samtalepoliklinikken møter du rådgjevar/rettleiar og jordmor Inger Sofie Stensland. |
Har du angst for å føde? Mange har ulike grunnar til at dei fryktar å føde. På Samtalepoliklinikken hjelper vi deg med å legge alt til rette for at du skal føle deg trygg og teken vare på når du skal føde. Det gjer vi ved individuell planlegging som tek sikte på å gjere fødselen mindre skremmande og lettare å planlegge.
Tildeling av time skjer etter tilvising frå fastlege, jordmor eller psykolog.
På Samtalepoliklinikken møter du rådgjevar/rettleiar og jordmor Inger Sofie Stensland.
Jordmor hjem
”Jordmor hjem” er eit barseltilbod til deg som ønskjer å reise raskt heim etter fødselen.
Vi anbefalar deg å lese meir om tilbodet her
Har du spørsmål angåande Jordmor hjem, ta gjerne kontakt med
fagansvarleg jordmor; Monica Pisani Ekeli på tlf. 924 52 640
|
|