Seksjon for fostermedisin og ultralyd 

 
Ved denne seksjonen blir det utført ultralydundersøking av gravide kvinner som rutineultralyd i svangerskapsveke 17-19 og som ledd i diagnostisering, behandling og oppfølging av kompliserte svangerskap.
 



Årsak til utgreiing kan vere for eksempel bløding, smerte eller sjukdom hos mor. Ved mistanke eller auka risiko for misdanningar eller utviklingsavvik hos fosteret blir prenatal diagnostikk utført.

Vi utfører også ultralydundersøkingar av kvinner ved spørsmål om underlivssjukdom som for eksempel cyster på eggstokkane, muskelknutar i livmora, bekkeninfeksjon, utviklingsavvik i dei indre kjønnsorgan og ved mistanke om vondarta svulstar.

Ved seksjonen er det stor forskingsaktivitet og ein del av kvinnene vil derfor bli spurt om å delta i forskingsprosjekt. Forskingstema ved seksjonen har vore fostervekst, fostersirkulasjon, svangerskapslengde, sikkerheit knytt til ultralyd i svangerskapet og behandling av abscessar i bekkenet.

 

Kven arbeidar på Seksjon for Fostermedisin og ultralyd:
Her møtar du legar og jordmødre med erfaring og høg kompetanse innanfor ultralyd og fostermedisin.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Publisert 25.08.2011 13:58 | Endret 30.11.2011 08:40 
Kontaktinformasjon

Kor finn du oss
Seksjon for fostermedisin og ultralyd ligg i 2. etasje i Kvinneklinikken, ved sida av Poliklinikk for gravide. Det er eigen inngang i den sidefløya som ligg nærmast Årstad kyrkje.

Korleis kontakte oss
Vi tek imot kvinner som er inneliggande eller tilvist frå lege eller jordmor.
 
Telefon: 55 97 43 31
Telefonen blir betjent kl 09.30 -11.00 og kl 13.30-14.30

 Aktuelle lenker

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo