Bjørgvin DPS er eit moderne lokalsjukehus i ditt nærmiljø. Vi ønskjer å fremja psykisk helse under mottoet å gjera kvardagen lettare.
I dette ligg det ønskje om å gje god behandling, hjelp til å leva med og takla symptom, være tilgjengeleg og fleksibel for menneske over 18 år med psykiske problem som bur i Nordhordland, Åsane, Arna og på Osterøy.