Eit nytt barne-og ungdomssenter vil legge betre til rette for at Haukeland kan ivareta det regionale ansvaret, til dømes for dei yngste kreftpasientane. Det er eit mål at samlokaliseringa skal auke samarbeidet mellom psykiatri og somatikk.
Barne- og ungdomssenteret skal innehalde eit "Barnas energisenter" eit senter der fokuset er fysisk aktivitet som grunnlag for behandling og forsking. 40 prosent av energisenteret vil bli finansiert gjennom gåver frå private.