For å få time ved poliklinikken, må pasientane bli tilvist frå ein augespesialist.
Nye pasientar blir vurdert og pasientane følges opp med kontrollar etter innlegging eller poliklinisk undersøking og behandling.
Dei fleste pasientane er tilvist frå augespesialist, men vi mottar også tilvisingar frå andre legar.
Vi tar imot 70-100 pasientar per dag. I løpet av 2009, hadde vi 16428 pasientar, av desse var 1017 pasienter tilvist internt.
Betaling
Pasientar må betale eigenandel for undersøking og behandling ved poliklinikken. Betalinga kan skje med kort i luka, eller via ein giroblankett. Kontant betaling kan berre skje i Informasjonen i Sentralblokka.
Eigenandelen er for tida kr 295,-. Barn under 16 år treng ikkje betale eigenandel.
Ortoptikk
Ortoptistens oppgave er diagnostikk, førebyggjande arbeid og behandling av skjeling, synsnedsetting, samsynsproblem og lese-/skrivevanskar.
Augelege og ortoptist sett i fellesskap opp eit behandlingsopplegg. Jo tidligare skjelingen blir konstatert og behandlinga kan starte, jo større er sjansane for eit vellukka resultat.
Augebotnfotografering
Ein fotograf er knytt til poliklinikken. Fotografen utfører blant anna augebotnfotografering av pasientar med diabetes (sukkersyke) og medvirker i utreiing av pasientar med ulike netthinnesjukdommar.
Publisert
01.06.2010 22:09 |
Endret
24.06.2010 14:03