Keratoprotesebehandling 

 
Keratoproteseimplantasjon kan vere aktuelt hos pasientar kor hornhinna er så uklar at pasienten i praksis er blind, og kor ein hornhinnetransplantasjon sannsynlegvis ikkje vil gi ein betring av synet som har praktisk verdi.
 

Som hovudregel er keratoproteseimplantasjon bare aktuelt dersom pasienten er sterkt synshemma i begge augene, og inngrepet blir gjort i berre eitt auge om gongen. Pasienten vil nesten alltid tidlegare ha gjennomgått minst ein hornhinnetransplantasjon.

Tidlegare implanterte vi alltid ein eigen keratoprotesemodell som var utvikla og produsert i Bergen. Dei seinare åra, er det utvikla ein amerikansk modell (Boston KPro), som vi har tatt i bruk.


Publisert 06.06.2010 14:14 | Endret 27.12.2011 09:16 

 Relaterte lenker

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo