Samarbeid, informasjon
Vi legg vekt på eit nært samarbeid med pasientane. Personale arbeider i team kring kvar einskild pasient.
Vi legg og vekt på heilskapleg behandling, samarbeidet med somatiske avdelingar ved sjukehuset er derfor svært viktig. Eit godt samarbeid med pårørande, primærhelsetenesta og andre instansar skal trygge forsvarleg utskriving frå sjukehus.
Pasienten kan søke direkte til seksjonen, eller bli innlagt via Psykiatrisk akuttmottak.
Pasientbehandling
Gjennom utgreiing og diagnostisering på spesialistnivå, tar vi sikte på å tilby rett behandling. Behandlingsopplegget blir lagt opp individuelt, etter pasienten sin psykiske tilstand.
Ved innlegging får pasienten tildelt lege og miljøpersonale, som følgjer pasienten under opphaldet. Vi ser det som viktig å møte den einskilde pasienten sine særeigne behov, og gjennom seksjonen sine rammer, aktivitet og individuell kontakt, prøve å legge tilhøva best mogleg til rette for den einskilde.
Vi nyttar individuelle samtalar og grupper, medikamentell behandling, ernæring, fysiske aktivitetar og trening. I tillegg kan ECT nyttast ved tyngre depresjonar.
Personale
Behandlingspersonale består av to spesialistar i psykiatri, lege i spesialisering, spesialsjukepleiar/sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut, sosionom og sekretær. Vi har tilbod frå ernæringsfysiolog dersom det er trong for dette.
Lokalar
HK5 har 12 senger og 3 – 4 dagpasientar. Posten held til i 4. et. på Klinikk for psykosomatisk medisin i Haukelandsbakken, med fin utsikt over Bergen.
Publisert
22.02.2010 10:54 |
Endret