Mål 11
CO2e-utslippa våre er redusert med 40 prosent innan 2030 og vi har tiltak som gjer oss klimanøytrale innan 2045*
Dei nasjonale klima- og miljømåla for spesialisthelsetenesta er ambisiøse og skal vere integrert i Haukeland universitetssjukehus si verksemd.
*CO2e står for karbondioksidekvivalentar og er ei samlenemning for alle drivhusgassar.
(3)
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringar innan 2030. Målet til Helse Bergen er å levere pasientens helseteneste på ein berekraftig måte.
Sist oppdatert 07.09.2023