Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Førebyggjande og helsefremjande arbeid

Mykje førebyggande og helsefremjande arbeid vert gjort på Haukeland universitetssjukehus. Fagfeltet kjem inn under alle dei fire hovudoppgåvene sjukehuset; pasientbehandling, utdanning av studentar, opplæring av pasientar og forsking. Sjukehuset har eigen strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid med tiltaksområde knytt til rolla som pasientbehandlar, samfunnsaktør og arbeidsplass.

Strategi for førebyggkande og helsefremjande arbeid (pdf)


Det er både viktig og naudsynt å halde fokus på det førebyggande og helsefremjande arbeidet og å gje fagområdet naudsynt prioritet i ein krevjande arbeidssituasjon. Difor er det etablert eit rådgjevande organ for fagdirektøren.

Rådet skal bidra til ytterlegare integrering og forankring av det førebyggande og helsefremjande arbeid ved utvikling av tiltak og tenester på sjukehuset samt jobbe systematisk for å vidareføre det førebyggjande og helsefremjande arbeidet som vert gjort.

Det rådgjevande organet for det førebyggjande og helsefremjande arbeidet er leia av Forskings- og utviklingsavdelinga, med tversgåande representasjon frå ulike fagområde, inkludert Brukarutvalet.

Sjukehuset tek del i Norsk nettverk for helsefremmende sykehus og helsetjenester (Norsk HPH) samt bidrar aktivt inn i Norsk HPH sine temagrupper Psykisk helse og Migrantvennlige sykehus.


Leder for rådet

Eli Skeie
Ernæringskoordinator
Forskings- og utviklingsavdelinga

Sist oppdatert 24.01.2018