Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny møteplass for dei med uhelbredelig sjukdom

Vardetreff er eit nytt møtestad for dei som er mellom 30 og 65 år, og som lever med alvorleg og uhelbredelig sjukdom.

Publisert 13.02.2024
Sist oppdatert 14.02.2024
En gruppe mennesker som sitter i stoler
 Foto: Ole M. Wold

For mange som lever med alvorleg sjukdom blir kvardagen heilt annleis, og nye utfordringar kan påverke livskvaliteten. Målet med tilbodet er at gode samtalar, fysisk aktivitet og fellesskap med andre i liknande situasjon skal bidra til meistring og gode opplevingar.

Vardetreff er ein stad der du kan hente nye krefter og inspirasjon til å handtere din kvardag. Tilbodet er for deg som har ein alvorleg sjukdom i vaksen alder (ca 30-65 år), som ønskjer å møte andre i same situasjon i trygge og rolige omgjevnader. Tilbodet er uavhengig av diagnose.

Eining for aktivitet og meistring i Bergen kommune er ansvarleg for tilbodet i samarbeid med Kreftforeningen og Vardesenteret. Vardetreff leidast av ein spesialsjukepleiar og ein fysioterapeut. Frivillige frå Kreftforeningen er vertskap i nye og fine lokale på Vardesenteret. Vardetreff er eit lågterskeltilbod og krev ingen tilvising, men påmelding, sidan det er avgrensa med plassar.

Aktuelt program for dagen kan vere følgjande:

  • Velkomst og kaffe
  • Felles trening/avspenning med fysioterapeut
  • Felles måltid
  • Gruppesamtalar med tilpassa tema, ein arena for å dele erfaringar
  • Faglege innslag frå fagperson

Påmelding

Tilbodet vil vere kvar måndag kl 10.00 – 14.00.

Ønskjer du meir informasjon eller vil melde din interesse?

Ta kontakt på 409 11 641 eller vardetreff@bergen.kommune.no. Vi ber om at du ikkje sender sensitive opplysningar i e-post. Når du har motteke stadfesting på påmelding, kan du delta kvar måndag på vår- eller haustsemesteret.

Les meir Møteplass for deg med uhelbredelig sjukdom

Last ned brosjyren om tilbodet.pdf