Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

EU-finansiert forsking på Vestlandet vil skape smartare kreftbehandling

Eit nytt forskingsprosjekt på Vestlandet kan gi eit stort sprang framover i kampen mot kreft. Målet er å perfeksjonere behandlinga med protonterapi for å gi smartare, sikrare og meir skånsame behandlingsmetodar.

Publisert 13.03.2024
Sist oppdatert 19.03.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde foran en bygning
NOVO-prosjektpartnarar. 

Protonterapi er ei nyvinning innanfor kreftbehandling, og om vel eit år blir første pasient behandla ved det nyreiste protonbygget ved Haukeland universitetssjukehus. Protonterapien er meir presis og skånsam enn tradisjonell behandling, likevel gjenstår det mykje arbeid for å perfeksjonere også denne relativt nye forma for stråleterapi. HVL, HUS, UiB og internasjonale partnarar har no kapra 45 høgthengande millionar frå EU til si protonforsking til det såkalla NOVO-prosjektet.

- NOVO-prosjektet viser Høgskolen på Vestlandets engasjement for forsking som gjer ein forskjell. Dette arbeidet med å forbetre kreftbehandlinga er eit strålande eksempel på ambisjonen vår om å bidra til samfunnet gjennom innovativ forsking på Vestlandet, med eit internasjonalt perspektiv, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet.

All strålebehandling handlar om å øydelegge mest mogleg av kreftsvulsten, og samtidig bevare mest mogleg av det friske vevet rundt. NOVO-prosjektet inneber å lage ein detektor som identifiserer nøyaktig kor protonenergien blir frigjort. Dette gjer det mogleg å gjere justeringar i sanntid slik at behandlinga blir så målretta som mogleg. Då kan vi betre kontrollere at dei kraftfulle protona utelukkande treff kreftcellene, samtidig som vi sparer det friske vevet. Denne heilt nye bruken av teknologi vil på sikt kunne gi fleire pasientgrupper tilgang til protonterapi, og medføre mindre biverknader etter kreftsjukdom. 

Vil betre pasientbehandlinga
Haukeland universitetssjukehus bygger eitt av to protonsenter i landet, og skal saman med Oslo universitetssykehus tilby behandling til pasientar landet over. I den norske protonsatsinga er det store ambisjonar om å auke kunnskapen og vidareutvikle protonterapi.

- På Haukeland universitetssjukehus skal vi vere både proaktive og innovative, og har blant anna tilrettelagt for omfattande forskingsaktivitet og eigne fasilitetar i protonbygget. Vi er stolte over at vi no - saman med HVL og UiB - har landa det første protonprosjektet i Noreg som blir fiansiert av EU. Det er både gledeleg og viktig at vestlandsmiljøa samlar seg om eit ambisiøst, tverrfagleg og internasjonalt forskingssamarbeid som vi trur vil får stor tyding for framtidas kreftpasientar, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus. 

NOVO-prosjektet er eit resultat av godt og langsiktig samarbeid

- UiB har vore ein pådrivar for å etablere protonterapi i Bergen og det er pågåande aktivitet på protontomografi som i tillegg til NOVO-prosjektet er eit resultat av sterkt lokalt samarbeid og langsiktig satsing på kompetansebygging og forsking av høg kvalitet. Med NOVO-prosjektet har vi ein klar ambisjon om å bidra til betre kreftbehandling ved å auke presisjonen i protonterapi, seier Gunn Mangerud, dekan ved MatNat, UiB. 

For mer informasjon om NOVO-prosjektet, kontakt:

  1. og 13. mars er det oppstartsamling for NOVO-prosjektet med lokale og internasjonale partnere.