Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus gir ut pressemeldingar i etterkant av
ulukker og hendingar som kan ha interesse for media. Meldingane er standardiserte og gir dei opplysningane vi kan gå ut med.
Fordi helsepersonell må prioritere diagnostisering og behandling av pasientar kan det ta litt tid før pressemelding blir lagt ut. Vi ber om forståing for dette.
Pressemeldingane blir oppretta så raskt som mulig.
Policy for oppdateringar
I utgangspunktet blir det berre lagt ut ei melding for kvar pasient. I enkelte tilfelle og ved alvorleg skade vil det komme ei oppdatering av pressemeldinga på føremiddagen dagen etter når legevisitten er ferdig.
Ved kritisk skade vil det komme ei oppdatering også den tredje dagen. Det vil ikkje bli gitt nye tilstandsrapportar på ettermiddags- og kveldstid utanom i heilt spesielle tilfelle.
Kommunikasjonsavdelinga
- Telefon: (+47) 55 97 60 00 - kvardagar kl. 8 -15.30.
- Vakttelefon: (+47) 95 89 04 45 - utanom vanleg kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje til stades på sjukehuset. Førespurnader som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.
Ved feil på nettsida eller ved behov for rettleiing, send e-post til Kommunikasjonsavdelinga.