Kreftsenter for opplæring og rehabilitering / Pusterommet (KOR)
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret. Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for kreftpasientar med gitte diagnosar. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) dersom dei ynskjer time til sexologisk rådgjeving i forhold til verknad/biverknad av behandling, og kva ein kan gjera.
Kontakt
Telefon
E-post
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Gå inn via Parkbygget og følg fotspora til venstre.
Parkbygget
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Praktisk informasjon
Rehabiliteringstilbod
- Avstandsoppfølging ved KOR
KOR tilbyr avstandsoppfølging til dei som ikkje har moglegheit til å komma til sjukehuset for å delta i delar av rehabiliteringstilbodet.
- Treningsprogram
Å få ein kreftdiagnose og gjennomgå behandling kan vera ei stor påkjenning på fysisk, psykisk og sosial helse. Fysisk aktivitet er generelt viktig for god helse, og kan også vere nyttig for deg som har fått ein kreftdiagnose.
- Samtalar og samvær
KOR tilbyr gruppesamtaler og individuelle samtaler som ein del av rehabiliteringstilbodet.
- Opplæring
Å meistra kvardagen kan væra krevande både under og etter kreftbehandling.
- Pusterommet
Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.