Ho hadde invitert vener og familie til fest for å feire bursdagen. I staden for vart Ina Fikse operert for livmorkreft på 50-årsdagen sin. – For meg var det sjølvsagt å skulle bidra til forsking når eg vart sjuk, seier Ina, som i dag er heilt frisk frå kreften.
– Eg hugsar godt at eg ønskte dei var komne lengre innan forskinga då eg vart sjuk, fortel Ina.
– Ofte tenkte eg ”Kan ikkje nokon berre gje meg eit heilt sikkert svar?”
Høg risiko
Ina er ei av vel 1300 kvinner som har gitt vevsprøvar til ein europeisk multisenterstudie på livmorkreft. Studien
blir leia frå Kvinneklinikken på Haukeland. Målet med studien er å skreddarsy behandlinga slik at den blir individuelt tilpassa kvar enkelt.
Ina fekk beskjed om kreftsjukdommen rundt påsketider 2009. Under ein månad seinare vart ho operert.
– I tillegg fekk eg beskjed om at eg hadde høg risiko for spreiing. Så høg at eg vart anbefalt tilleggsbehandling i form av cellegift, seier ho.
Men Ina sa ikkje straks ja takk til tilleggsbehandlinga.
– Det var jo eg som skulle leve med dei eventuelle biverknadene og konsekvensane det kunne få.
Klar og tydeleg
– Legane på Kvinneklinikken sa at det var 40 prosent
sjanse for spreiing. Dei var tydelege på at cellegift som førebyggjande behandling ikkje var nok forska på, men dei hadde god tru på at det skulle minske risikoen for tilbakefall i mitt tilfelle. Eg opplevde dei som klare og tydeleg i sine anbefalingar for meg, fortel ho.
Trebarnsmora bestemte seg til slutt for å takke ja.
– Eg valde å stole på kompetansen til legane og takka ja fordi eg ville vite at eg hadde gjort det eg kunne. Eg klarte ikkje bli trygg på at spreiinga ikkje kom, dersom eg ikkje gjennomførte cellegiftbehandlinga. Til slutt følte eg at eg ikkje hadde noko anna val enn å seie ja. Først og fremst for min eigen del, men òg i forhold til mine nærmaste.
Etter seks rundar med cellegift over eit halvt år, og nesten to år etter operasjonen, er Ina heilt frisk, men går framleis til tette kontroller kvar 3. månad.
Jo fleire, dess betre
Å vere ein del av eit forskingsprosjekt opplevde Ina som utelukkande positivt.
– Å gje vevsprøve har jo eigentleg ikkje noko med meg som person å gjere. Det er det same som å gje blod eller å vere organdonor, smiler ho, og seier at jo fleire som seier ja til å delta, dess betre blir kvaliteten på forskinga.
– Eg har verkeleg fått kjenne på kroppen kor viktig det er med forsking. Den forskinga som kvinner sa ja til å vere med på for ti år sidan er kanskje grunnen til at eg sit her i dag. Derfor var det aldri eit alternativ å seie nei.
Publisert
19.04.2011 12:28 |
Endret
02.05.2011 12:03