Eg er ikkje ferdig 

 
Trine Merete Vikebø kan vere elendig og kjenne cellegifta herje i kroppen, men likevel gå på trening.  
 


Ho er ein av ti pasientar med alvorleg kreftsjukdom som trenar saman fast ein gong i veka på Lærings og meistrings­senteret (LMS) i Bergen.

– Det hadde eg aldri gjort viss eg måtte gå på eit vanleg treningssenter, seier Trine skråsikkert.

– Her opplever eg eit fellesskap og treff andre i same livssituasjon. Eg treng ikkje å trene aleine eller å lure på kor hardt eg kan ta i. Det gjer ingenting om eg har ein dårleg dag og må setje meg ned innimellom. Eg tenkjer ikkje over korleis eg ser ut eller om andre ser på meg, det er ei slags uuttalt forståing for kvarandre i gruppa, fortel 46-åringen, som har vore alvorleg kreftsjuk sidan 2009.

Sirkeltrening
Det er ingenting som ikkje minner om eit vanleg, moderne treningsstudio. Rommet har store vindauge, god plass og hi-tech treningsapparat på rekkje og rad. Ein eldre mann tek sit-ups, ei vaksen kvinne spring opp og ned frå step’en, medan ei anna dame “gjer planken” i imponerande lange intervall. Alt skjer akkompagnert av slager på slager frå lydanlegget. Akkurat no durar Roy Orbison sin “Oh, Pretty Woman” ut av høgtalarane.

– Åh, låra mine er ikkje bygd for dette, ler Trine, der ho fyk opp og ned frå sitjande til ståande stilling på ein stol.

– Det er lov å ta pause, seier spesialfysioterapeut Lise Amundsen mens ho betraktar Trine sin teknikk.

Auka livskvalitet
Lise jobbar i palliativt team ved Smerte­klinikken på Haukeland universitetssjukehus, og er ein av tre faste fysioterapeutar som held treningane.

– Her har vi fokus på å bevare det friske, sjølv om dei fleste ikkje kan rekne med å bli frisk av kreftsjukdommen sin. Vår hovud­oppgåve er å bidra til å opprett­halde og fremje funksjon, samt auke livskvalitet, fortel Lise.

På LMS tilbyr dei tilrettelagt trening i trygge rammer. Mange pasientar med alvorleg kreftsjukdom har avgrensingar, til dømes i form av smerte, krefter og kapasitet. 

– For å trene i denne gruppa må ein ha tilvising frå lege. Vi som har ansvar for timane har oversikt over kva slags behand­lingar deltakarane har vore gjennom, eller er midt oppe i. Sjølv om vi trenar i lag er alt tilpassa den enkelte, påpeikar ho.

Ventetida
Trine hugsar godt då ho venta på prøveresultata.

– Eg leste alt eg kunne finne på internett om brystkreft, og slukte det rått.

Det verste svaret Trine kunne tenkje seg var om det var brystkreft med spreiing. Det var det svaret ho fekk.

–  Då er eg ferdig, sa eg til legen.

Mål
– Medan eg var innlagt for min første kur,  skjedde det noko med meg. Det er vanskeleg å forklare kva. Legen min fortalde at eg kunne ha mange gode år igjen. Andre fortalde om menneske som har levd med alvorleg kreftsjukdom i tjue år. Det er dette eg har valt å ha fokus på. Eg greip fast i håpet og held framleis fast på det, fortel ho.

Likevel har det vore mange tunge stunder for tobarnsmora.

– Sjølvsagt har eg dagar der eg grin og det heile kjennest forferdeleg urettferdig. Men eg har lært meg at det er lov.

For Trine hjelper det å ha mål.  Både kortsiktige og langsiktige.

– Mitt første mål var å sjå jenta mi bli russ. Det har eg klart. Neste mål er konfirma­sjonen til guten min. Og eg har mål som strekkjer seg langt forbi det, innrømmer ho.

Frisktenking
Treninga er eit ledd i frisktenkinga til Trine. Då behandlinga starta var trening aldeles ikkje ein tanke i hovudet hennar. Ho har aldri vore ein treningsperson, og vedgår at ho har hatt nokre støttemedlemskap på treningssenter opp gjennom åra. 

– Så fekk eg vite om dette opplegget av ein sjukepleiar på Haukeland som eg møtte på eit treff via Kreftforeningen. Sidan har treninga blitt eit fast gjeremål kvar veke. Det skal mykje til før eg sluntrar unna, seier ho.

Ta for eksempel ein torsdag for nokre veker sidan.

– Då var forma heilt elendig og eg kjente cellegifta herje i kroppen. Før trening hadde eg eit par ærend, og blei heilt utkøyrt etterpå. Eg kom på trening trass alt, og fekk så mykje futt! Sola skein ute og då timen var over var eg oppriktig lei for at eg hadde bilen med meg. Eg kunne nærmast sust heim til fots.

– Kjensla av å meistre det å bruke ­kroppen, også på dårlege dagar, gir meg masse positiv energi. Det får berre våge seg at kroppen er litt fiskepudding etterpå, meiner Trine.

Ikkje på sjukehuset
– Mange i gruppa er glade for at treninga er her og ikkje på sjukehuset. Det er med på å byggje opp under det friske, aktive og normale, seier Lise, og fortel om den eine gongen ho ikkje rakk å skifte før timen:

– Eg fekk ein kommentar om at eg hadde på meg sjukehusklede. No tek eg alltid på meg treningsklede og kjem heller tre minutt for seint, humrar ho.

Trine bekreftar historia til Lise.

– Vi er jo spesielle, sjølv om vi ikkje ønskjer å vere det. Det er jo nettopp derfor mange av oss brukar tilbodet; for å gjere kvardagen så normal som mogleg.


Publisert 24.01.2011 09:52 | Endret 24.01.2011 09:56 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo