Kva er psykose?
Ein psykose blir kjenneteikna av problem med å skilje mellom fantasi, tankar og kjensler, og den verkelege verda. Vrangførestillingar, hallusinasjonar og tankekaos er typisk ved psykosar. I tillegg opplever mange depresjon, det å vere sløv, manglande interesse og nedsett merksemd.
Kva er psykose?
• Ein psykose blir kjenneteikna av problem med å skilje mellom fantasi, tankar og kjensler, og den verkelege verda.
• Vrangførestillingar, hallusinasjonar og tankekaos er typisk ved psykosar. I tillegg opplever mange depresjon, det å vere sløv, manglande interesse og nedsett merksemd.
Kva er Schizofreni?
• Schizofreni er namnet på ei gruppe alvorlege psykiske lidingar som inneber store
endringar i oppfatning, tankar, kjensler og åtferd.
• Schizofreni kan ha ulikt utrykk. Pasientar med denne diagnosen er ofte inneslutta, utilnærmelege, har hallusinasjonar og vrangførestillingar.
• Mange høyrer stemmer og opplever sterk angst. Hos dei fleste går dette i fasar.