Kunnskap gav styrke 

 
Avdelinga Psykisk helse for barn og unge har i mange år brukt kunnskapsbaserte familiesamtalar i behandlinga av psykose, og med god effekt. For Bjørg og Rolf Matre var hjelpa dei fekk då sonen Christer (28) vart sjuk, heilt nødvendig.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Kommunikasjonsavdelinga
 

– Det var eit kjempesjokk for oss då Christer vart dårleg. Å få diagnosen schizofren var skremmande, seier Bjørg og ser bort på mannen som nikkar.
Christer sin sjukdom braut for alvor ut då han gjekk på vidaregåande. Heilt frå konfirmasjonsalderen av hadde han blitt stadig meir inneslutta, og no trekte han seg frå idrett, fotball, vener og alt sosialt.
– Han har alltid vore stille og forsiktig av seg, og fortalt lite om tankar og kjensler, fortel Bjørg.
– No vart det endå mindre. I denne perioden opplevde vi han som svært angstfull og redd, han fekk beskjedar frå stemmer inni hovudet og var redd for å døy. Det var kaos inni han, men til oss fortalte han lite.

illustrasjonsfoto
Foto: Odd Mehus

Verktøy for kvardagen
Skulepsykologen tilviste Christer til poliklinikken på Ungdomsposten. Då han vart innlagt på Ungdomsposten, fekk familien tilbod om psykoedukativt familiearbeid. Og takka ja.
– Det vi lærte gjennom psykoedukativt familieteam i dei to åra vi nytta oss av tilbodet, var grunnleggjande for den hjelpa vi har kunna gi Christer. Det var akkurat som om vi stod på ei kai og skulle dette utfor, og så var det nokon der og tok imot oss, fortel Bjørg.

Kunnskapsbaserte familiesamtaler i regi av Psykisk helse for barn og unge  er eit tilbod til barn under 18 år som har fått diagnosen psykose og deira næraste pårørande. Målet er å betre forløpet av den psykiske lidinga ved å redusere kor hyppig tilbakefalla kjem og å betre pasienten si evne til å fungere både sosialt og i aktivitetar.
– Det å få eit sjukt barn var vanskeleg, seier Bjørg.
– Gjennom samtalene fekk vi hjelp til å arbeide oss gjennom sorga. Dette var veldig viktig for oss og heilt avgjerande for å vere gode foreldre vidare. Vi lærte å bli trygge nok til å møte uroa hans og svingingane i kjenslelivet.
Ifølgje Bjørg var familiesamtalane også prega av å finne Christer sine ressursar:
– Slik kunne vi som foreldre styrkje desse ressursane saman med han, trass i at han var sjuk.

Ein styrke
Bjørg skildrar atmosfæren under samtalene som god og avslappa, og med utruleg flinke terapeutar. Ho og mannen kom til samtale kvar 14. dag i to år. Av og til var Christer sjølv med, men oftast ikkje. Også bror og søster til Christer var med enkelte gonger.
Familien opplevde også kunnskapen dei fekk som ein styrke i forhold til omverda.
– Vi har heile tida vore opne om Christer sin sjukdom, fortel Bjørg.
– Og dess meir vi lærte, dess meir kunnskap og tryggleik kunne vi gi vidare til dei som spurte. Det gjorde det også lettare for resten av familien å involvere seg, til å stå parat når vi trengte dei.

Christer bur i dag i bufellesskap i eiga leilegheit, der han får høve til å utnytte dei ressursane han har. Han har god kontakt med både foreldre, søsken og resten av familien. 


Publisert 13.04.2011 14:51 | Endret 02.05.2011 14:30 

 Psykoedukativt familiearbeid:

Hjelp til meistring
– Gjennom kunnskapsbasserte samtalar prøver vi å hjelpe pasientar til å meistre kvardagen på ein betre måte
med støtte frå familien, fortel Sigrunn Almelid Birkeland, som saman med Kari Nanne Guldbech Clausen er terapeutane i Psykoedukativt familiearbeid.
Eit psykoedukativt familietilbod er ein del av eit anbefalt behandlingstilbod ved psykosar.
Det blir tilbode saman med individuelle støttesamtalar, psykososiale tiltak og eit medisinsk tilbod. Pasienten og familien hans/hennar får hjelp til å bruke ny innsikt i løysing av vanskelege, daglegdagse situasjonar som oppstår i kjølvatnet av ei psykoseutvikling.
Dei får også opplæring i korleis dei kan kommunisere og løyse aktuelle problem på ein systematisk og konstruktiv måte med omsyn til å dempe psykotiske plager.
– Med kunnskap om sjukdommen og ei felles forståring for korleis lidinga kan meistrast, blir faren for tilbakefall
og nye innleggingar
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo