Rusbehandling 

Ruspasientar skal ha same
tilbod som alle andre pasientar



Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Om lag 10  prosent av befolkninga har rusrelaterte helseproblem. Pasientar med rusproblem er ei samansett gruppe med samansette helseproblem i tillegg. Dei sjukaste rusmisbrukarane føler seg ofte stigmatiserte og dårleg ivaretatt i møte med helsevesenet.

Med rusreforma frå 2004 blei ruspasientane ein del av spesialisthelsetenesta sitt ansvar. No jobbar Haukeland systematisk for å gi eit best mogleg tilbod til alle pasientar med rusrelaterte lidingar.

For menneske med rusproblem betyr det pasientrettar på linje med andre pasientar etter helselovgivinga, for eksempel den viktige prioriteringsforskrifta.

Dette har ført til stor vekst i rusfeltet ved Haukeland universitetssjukehus.

Les også: Statsminister Jens Stoltenberg opner Rusakutten i Bergen.

Stor pasientgruppe
– Gjennom å ha særleg fokus på denne gruppa, er målsetjinga å bidra til at dei får eit forsvarleg behandlingstilbod der dei blir behandla med respekt og profesjonalitet, seier Kvinnsland, som har prioritert denne pasientgruppa i både strategiplan og styringsdokument dei siste åra.

Gjennom rusreforma har Haukeland ansvar for både avrusing, utgreiing og spesialisert behandling.

Ifølgje Kvinnsland blei rusarbeidet først ført vidare slik det hadde vore, då rusreforma kom. Liten eigenaktivitet og mykje på private hender. Det er i endring.

– Eg har alltid vore av den oppfatning at om det offentlege skal ha større ansvar, så må vi òg kunne styre pasientstraumen betre. Vi har meint at dei private skal bestå slik dei har vore når det gjeld behandlingsplassar, veksten innan rusbehandling skal skje hos oss.

Intoksdag: Kva skjer med den rusforgifta pasienten?

Ansvar for stadig fleire område
Tidlegare i år vart poliklinikk for vanedannande legemiddel oppretta, og ansvaret for Floen-kollektivet overført frå Psykiatrisk divisjon til Avdeling for rusmedisin. I november opnar Rusakutten, eit samarbeid mellom Haukeland og Bergen kommune.
Frå 1. januar 2011 får Haukeland ansvar for LAR-behandling og tvangsbehandling.

– Vi har fått ansvar for ei rekkje nye område, og eg er veldig glad for at vi bestemte oss for å opprette Avdeling for rusmedisin for to år sidan, som har ansvar for den tverrfaglege, spesialiserte rusbehandlinga. Vi må ha nokon som held i alle trådane innan dette feltet, seier Kvinnsland.

Folkehelseinstituttet, Resultat frå pilotstudie: Rus i norsk arbeidsliv

Store utfordringar
Hovudutfordringane innan rusarbeidet, er for det første pasientar som alt ha ein annan diagnose, der rus kjem i tillegg.

– Dette problemet møter vi på sjukehuset elles, innan både somatikk og psykiatri. Og vi veit at bruken av rusmiddel har mykje å seie for prognosen ved anna sjukdom. Klarar vi å behandle rusproblemet er sjansen for å lukkast med den andre behandlinga mykje betre. Her må vi utvide kompetansen vår, seier Kvinnsland.

– Både  om samanheng mellom rusproblem og psykisk og somatisk helse, og om ferdigheiter for å møte desse pasientane.

Ei anna utfording er altså å overta flyten inn i systemet av dei som hovudsakleg er ruspasientar.

– Samtidig må vi bygge opp dei tilboda vi alt har, så som Floen-kollektivet.
Sist men ikkje minst kjem pasienten sin flyt gjennom sjukehuset og ut igjen mot kommunal rusomsorg eller private aktørar, slik at det blir eit samanhengande og heilskapleg behandlingstilbod.

– Det er ein veldig kompleksitet på området, seier Kvinnsland.

– Men vi er i ferd med å oppfylle måla våre når det gjeld ruspasientar. Dei skal få lik behandling som alle andre pasientar.

Avdeling for rusmedisin  Avdeling for rusmedisin

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og avgjere kor dei best kan bli behandla.

Rusmiddel  Rusmiddel

Rusmiddelbruk i Norge

Alkohol er det mest vanlege rusmiddelet i Noreg. Av dei illegale rusmidla er cannabis (hasj/marihuana) det vanlegaste.


Teikn og symptom

Les meir om teikn og symptom på rusmiddelbruk
.


Rusmiddel

Alkohol
Amfetamin
Beroligande medisin (vival, rivotril etc.)
Benzodiazepiner (sjå beroligande medisin)
Buprenorfin (Subutex/Suboxone)
Cannabis
Ecstasy
GHB/GBL
Heroin
Kokain
Metadon
Metamfetamin (sjå amfetamin)
Smertestillande medikament
Sovemedisin (Imovane/zopiklone, stilnoct, rohypnol/flunipam etc.)

Dersom du ønskjer å lese meir i detalj om korleis dei ulike rusmidla verkar inn på hjernen fins ei gratis elektronisk bok (dansk)
her.

Opptrappingsplan for rus  Opptrappingsplan for rus

Regjeringens opptrappingsplan for rusfeltet omfatter hele rusområdet og inneholder tiltak innen forebygging, behandling, rehabilitering og oppfølging. Opptrappingsplanen varer ut 2010 og vil legge føringer for arbeidet på rusfeltet i denne perioden.

Fleire tema - Bruk for å vise en dynamisk visning av innhold fra området på en webside  Fleire tema

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo