Hjerneslag - du kan redde liv! 

Ved å lære deg nokre enkle reglar ved hjelp av bokstavane F-A-S-T, kan du bidra til å redde liv. Lamming i ansiktet eller i ein arm, språkforstyrringar eller utydeleg uttale kan tyde på hjerneslag. Kontakt 113!


Helse Vest RHF Helsedirektoratet har sendt ut ein brosjyre med oppmoding om at vi skal lære oss FAST-regelen. FAST kjem frå det engelske ”raskt” og betyr nettopp at vi skal handle raskt dersom vi kjem ut for ein person som har eitt eller fleire av dei såkalla FAST-symptoma for hjerneslag.

Med di hjelp kan personen kome raskt til sjukehus for å få riktig behandling.

  • F – Fjes – lamming i ansiktet, smiler skjeivt
  • A – Arm – lamming i en arm, kan ikkje halde armen løft
  • S – Språk – språkforstyrring, finn ikkje riktig ord
  • T – Tale – taleforstyrring, utydeleg tale

FAST=RASKT!

Ved eitt eller fleire FAST-symptom, kontakt 113!

Kvifor hastar det å kome på sykehus?

For å begrense storleiken på hjerneskaden
For å kunne gi trombolyse (hindre blodpropp) innan 3 timer
For å behandle komplikasjonar
For å kome raskt i gang med rehabilitering

Kvifor er dette viktig?

Kvart år blir om lag 15000 personar i Noreg ramma av hjerneslag. Hjerneslag er ein av de hyppigaste årsakene til død og funksjonshemming, og er ein stor utfordring både for den enkelte som blir ramma, dei pårørande, for helsetenesta og for samfunnet.

Talet på hjerneslag vil kunne auke med 50 prosent dei neste 20 åra fordi det blir fleire eldre.

Det finst effektiv behandling som kan redusere omfanget av skaden etter eit hjerneslag, men det hastar. Hjerneslag skal behandlast som ein akutt tilstand og alle som kjem i kontakt med personar som har eller nylig har hatt symptom på hjerneslag, kan bidra til at dei kjem raskt til behandling.

Helsedirektoratet har i 2010 gitt ut en nasjonal retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag for å bidra til god behandling for alle. Den kan bestillast på trykksak@helsedir.no (bestillingsnummer IS-1688 og IS-1801).

Du finn den òg på direktoratet si heimeside:

www.helsedir.no og på www.helsebiblioteket.no.
I tillegg har Fagråd for hjerneslag i Helse Nord laga ei side som omhandlar hjerneslag. Den finn du på www.hjerne.no, der du kan lese meir om FAST.

 




 Relaterte lenkjer

Hjerneslag – en akutt tilstand (brosjyre)
Helsedirektoratet IS-1837 [pdf, 2 sider]

Nasjonal retningslinje for behandling og rehabilitering ved slag - Anbefalinger
Helsedirektoratet IS-1802 [pdf, 53 sider]

Fleire publikasjonar
Helsedirektoratet

hjerne.no
Helse Nord, Fagråd for hjerneslag
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo