Hopp over navigasjonskoblinger.

Haukeland i verda 

 

Haukeland er det leiande sjukehuset i Noreg på internasjonalt arbeid. Ønsket er at endå fleire medarbeidarar skal engasjere seg.
 
Ifølgje administrerande direktør Stener Kvinnsland er det mange gode grunnar til det. - For det første handlar det om å ta globalt ansvar, seier han. - Vi er privilegerte og bør kunne yte vår skjerv. Det er eit samfunnsansvar.

Ekstern finansiering
Avdeling for internasjonalt samarbeid ved Haukeland universitetssjukehus blei etablert i 2003. I dag er avdelinga blant anna engasjert i ei brannskadeavdeling i Etiopia, Blodbank i Tanzania og Føde­klinikk og ortopediavdeling i Malawi. Så langt har Avdeling for internasjonalt samarbeid vore finansiert utelukkande gjennom inntekter frå eksternfinansierte prosjekt.

- Det er viktig å presisere at arbeidet på avdelinga aldri har tatt pengar frå norske pasientar. Dette har ikkje gått ut over kjerneoppgåvene våre, seier Kvinnsland.

Avdeling for internasjonalt samarbeid er aktive i fleire deler av verda. Klikk på dei raude krossane på kartet under for lese meir.




Sjå Avdeling for Internasjonalt samarbeid i eit større kart.
Gir perspektiv
Snarare tvert imot. Internasjonalt engasje­ment betyr gevinst for sjukehuset, på fleire måtar. - Det er godt for oss å sjå helsearbeid under andre vilkår. Det gir balanse og perspektiv, meiner Kvinnsland.
 Han ser òg styrken i det at tilsette i periodar vekslar mellom å arbeide på Haukeland og i andre land med heilt andre utfordringar, og det at helsepersonell frå sør hospiterer her.

- Erfaring- og kompetanseutvikling går begge vegar. Den internasjonale erfaringa vil setje våre medarbeidarar i stand til på ein god måte å tilpasse, utnytte og utvikle kompetansen sin under forhold der helseutfordringane er store og ressursane ofte svært avgrensa.

Eit anna viktig moment er nytteverdien dette har for Haukeland når det gjeld sjukdommar som er lite vanlege her heime.

- Vi får kompetanse på sjukdommar vi elles behandlar svært sjeldan, for eksempel innan infeksjonsmedisin og gynekologi. Mange av våre fagmiljø treng volumtrening for å oppretthalde eige kompetansenivå og sikre fullføring av spesialistutdanningsprogram.

Bygge kompetanse
Avdeling for internasjonalt samarbeid sitt engasjement har vore avhengig av tilgjengelege midlar frå UD, Norad og Fredskorpset, og avdelinga har måtta ta omsyn til skiftande bistandspolitiske strategiar og prioriteringar.

Dette har resultert i ei lang rekkje enkeltprosjekt dei siste sju åra, ofte av kortsiktig karakter og mot skiftande land. Flest i Afrika, men også i India og Russland.

No legg avdelinga opp til meir langsiktig samarbeid over tid med utvalde partnarsjukehus i sør.
– Ei grunnfinansiering frå Haukeland vil sikre ei slik utvikling, seier Kvinnsland. Han understrekar at det viktigaste målet med det internasjonale arbeidet er å bygge kompetanse, slik at dei sjukehusa Haukeland samarbeider med i Sør over tid kan klare seg utan bistand.

Det er også eit mål å prioritere samarbeid med institusjonar i land som er hovudsamarbeidsland i det offisielle norske bistandsarbeidet og prosjekt som er i tråd med FNs tusenårsmål.

Det blir lagt vekt på samarbeid med andre norske sjukehus i det internasjonale arbeidet.

Internasjonalt samarbeid  Internasjonalt samarbeid

Avdeling for internasjonalt samarbeid har ei målsetjing om å ha eit breitt internasjonalt engasjement. Avdelinga legg spesiell vekt på å delta i arbeidet innan sjukehuset sine medisinske kjernefunksjonar, noko som også omfattar medisinsk teknikk og organisering av medisinske tenester.

Flickr  Flickr

Aktuelle nyheiter  Aktuelle nyheiter

Aktuelle lenkjer  Aktuelle lenkjer

Fleire tema - Bruk for å vise en dynamisk visning av innhold fra området på en webside  Fleire tema

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo