Alt handlar om menneske, men kva skulle vi gjort utan maskinene?
Av Linda Hilland Foto: Odd Mehus
Eit nytt fulldigitalisert røntgenlaboratorium. Nye spesialrespiratorar på Barneklinikken. Fleksible skop og mikroskop. Anestesiapparat, nye ultralydmaskiner, strålekniv, operasjonsrobotar. Lista er lang. Ingen veit nøyaktig kor mange maskiner som er med på å behandle pasientar ved Haukeland. Men alle veit at dei kan vere forskjellen på liv og død.
Sjukehuset har i dag ein maskinpark verdt ein milliard kroner. Årleg trengs det 130 millionar kroner for å oppretthalde det medisinsk tekniske utstyret.
Alt handlar om menneske, men det er svært mykje sjukehuset ikkje kunne ha gjort utan dei makelause maskinene. Her får du presentert nokre av dei viktige apparata ein brukar for ta vare på pasientane på best mogleg måte.
LASER
Brennmerka, men ikkje blind
Knut Aldeholm har hatt diabetes i 36 år. Etter ein rutinekontroll hos augelege vart han tilvist til Augeavdelinga på Haukeland.
– For høgt blodsukker over tid kan føre til seinkomplikasjonar i auget og mindre oksygen i netthinna slik at nye blodårer vert danna. Desse kan lett blø, og slike blodårer kan føre til nedsett syn eller at ein til slutt vert blind, forklarar professor dr. med. Jørgen Krohn. Derfor betydde det svært mykje for augefaget då verdas første laser vart laga i 1960. Den blei tatt i bruk hos augelegar over heile verda på 1970-talet.
– Laser er eit svært viktig apparat for oss og har ført til ein dramatisk reduksjon i talet på svaksynte og blinde diabetikarar, seier Krohn.
Knut har alt fått over 2000 lasermerke i augebotn. Laserlyset går gjennom pupillen og treff netthinna, der det lagar eit lite brennmerke på omtrent ein halv millimeter i diameter. Brennmerka gjer at ein oppnår betre oksygenbalanse i auget og på den måten får Knut behalde synet.
– Hadde det ikkje vore for laseren, hadde eg truleg vore blind, seier Knut.
Kvart år utfører Augeavdelinga omkring 300 laserbehandlingar av pasientar med diabetes. Augeavdelinga bruker også laser i behandlinga av pasientar som har grøn stær, etterstær eller brytningsfeil, og til å førebyggje netthinneløysing.
.........
DIALYSEMASKIN
Ottar si kunstige nyre
– Hadde det ikkje vore for denne maskina her, hadde eg lagt seks fot under jorda, seier Ottar Rinde (69) frå Sotra. Han er ein av 40 personar som får dialysebehandling på Haukeland i dag. Ottar ligg i ein stol på medisinsk post 2. Den grå dialysemaskina står trufast ved sidan av han fire dagar i veka. Kvar einaste veke. Behandlinga tek fire timar kvar gong. – Det er mitt ellevte år med behandling. Så du kan sjølv rekne ut kor mange tusen timar eg har vore her. Å få dialysebehandling er på mange måtar jobben min, fortel Ottar. Blodet hans renn ut i ein plastslange som er festa til armen. Blodet held fram vidare inn i maskina til eit filter som tek bort avfallstoffa i blodet. Ein annan slange fraktar blodet tilbake igjen. Ottar treng dialysebehandling fordi nyrene hans ikkje klarer å fjerne avfallstoffa i kroppen. – Utan dialysebehandling døyr eg. Så enkelt er det, seier Ottar. Han ventar framleis på ein nyretransplantasjon. – For nokre år sidan fekk eg transplantert ei nyre, men kroppen min støytte ho frå seg. Håpet mitt no er ei ny nyre, seier han og ser opp på maskina. Displayet viser at det er ein time og åtte minutt igjen av dagens behandling.
.........
PULSOKSYMETER
Kor mykje oksygen har du i blodet?
På tuppen av ringfingeren til nyopererte Trond Hole er det festa ei slags grå klesklype. Den avanserte klesklypa er ein sensor med ei lyskjelde som sender skarpt lys mot vev under huda. I klesklypa finst òg ein detektor som les bølgjelengda på lyset som blir reflektert. – På denne måten måler apparatet om pasienten har nok oksygen i blodet til ei kvar tid, fortel seksjonsleiar Elsa Hesjedal Wallestad ved Postoperativ seksjon. Ho peikar opp på skjermen som heng over senga til Trond. Det lyser 95 med rosa skrift. Verdien bør liggje mellom 95 til 100 prosent på eit friskt menneske. Elsa fortel at alle pasientar som kjem til Postoperativ seksjon må ha pulsoksymeter på.
– Det er eit svært viktig parameter som gir oss beskjed om pasientane har bra pustefunksjon og får tilført nok oksygen. Det gir også oss ein indikasjon på om organa i kroppen har det bra, fortel Wallestad. Pulsoksymeter er eit vanleg apparat på overvåkingsavdelingar på sjukehuset.
– Apparatet gjer at eg kjenner meg trygg, og dessutan er det ikkje det spor vondt å ha på, seier Trond.
.........
Hjartestartar
Sjokk til eit skjelvande hjarte
Ambulansearbeidar Gerry Arne Birkeland huskar godt då eit elektrisk støyt på 2300 volt gjekk gjennom hjartemuskelen til ein eldre mann som fall om utanfor Jernbanestasjonen i Bergen sentrum.
Han vakna til etter berre nokre minutt. – Det gav meg ei utruleg herleg kjensle, seier ambulansearbeidar Gerry Arne Birkeland ved sentrum ambulansestasjon. Han dreg fram eit apparat på storleik med ein ghettoblaster. Ei multimaskin på tolv kilo som blant anna inneheld EKG , hjartestartar og blodtrykksmålar.
– Denne maskina har redda mange liv og er det viktigaste vi har med oss utanom sjølve ambulansebilen, fortel Gerry og viser oss elektrodane som fører straum gjennom hjartemuskelen. Elektrosjokket slår ut det elektroniske kaoset i hjartet og hjelper det med å kome inn i ein riktig rytme slik at hjartet igjen kan starte å pumpe blod.
.........
KUVØSE
Vesle Ronja i mekanisk livmor
I eit reir laga av kvite og gule tøydukar ligg eit ørlite menneske. Heilt stille. Vesle Ronja kom til verda tre månader før ho skulle, og vil eigentleg tilbake til ei varm og trygg livmor. Enn så lenge er ein gjennomsiktig glaskasse heimen hennar. Ei medisinsk mekanisk livmor som hjelper jenta på 785 gram med å halde riktig temperatur og som gir oksygen til raud og gjennomsiktig hud som ikkje er heilt ferdig utvikla.
– Kuvøsa gir for tidleg fødde barn eit fuktig klima, noko som dei sårt treng då dei eigentleg skulle ha vore i vatn inne i livmora. Dessutan minskar den risikoen for infeksjonar og skjermar barnet for høge lydar og skarpt lys, seier barnesjukepleiar Kjersti Johansen ved eining for Nyfødt. Ho stikk handa inn i kuvøsa for å snu vesle Ronja. Mamma Linda Søiland hjelper til. – Det er sjølvsagt vanskeleg å sjå Ronja liggje inni glasboksen. Eg har jo mest av alt lyst til å halde ho i armane mine heile tida. Men eg skjønar at ho treng hjelp. Dessutan får ho stundom kome ut og liggje på brystet mitt. Det gjer godt, seier Linda.
.........
ULTRALYD
Konturane av eit nytt liv
Jordmor Guro Kyte Børsheim tek kald gelé på Synne Hartveit sin veksande kul. Med røynd hand stryk ho ultralydproben over magen og framkallar eit bilete av livet der inne ved hjelp av lydbølgjer. Børsheim studerer videoskjermen. Synnøve og mannen hennar, Frode Bjorøy, følgjer med på ein tv-skjerm som er festa på motsett side av rommet. Omrisset av hovudet. Ein arm her, ein fot der. Eit hjarte som pumpar.
– Det betyr mykje for oss å sjå at det vesle hjartet slår. Eg trur ultralyd gjer at gravide vert tryggare. Dei får vite om alt står bra til med den vesle der inne, og det er jo ikkje alltid like lett å kjenne seg til. Ein les mykje på internett, og kan fort bli uroa, seier Synne. Ho ser fascinert på omrisset av fosteret som bur inne i magen hennar. 18 veker på veg. Ho har termin 7. mars
– Ultralydmaskina gir meg ein mogelegheit til å ta del i det livet som veks i Synne sin kropp. Det betyr mykje mentalt sidan dette er vårt første barn, og samstundes er det kjekt og rørande å sjå han. For det er ein han. Det har vi nettopp fått vite, fortel Frode og smiler.
– Det viktigaste med ultralyd av gravide er framleis å finne ut kor morkaka ligg. Er morkaka plassert framfor fødselsvegen, kan ikkje kvinna føde vaginalt. Vi må ta keisarsnitt for å få ut barnet. Ultralyd er sjølvsagt også viktig for å få opplysningar om kor mange barn det er der inne, å setje nøyaktig termindato og så ser vi etter om barnet er friskt. I dag får alle gravide tilbod om ultralydkontroll, seier jordmor Børsheim. Ho fortel at dei bruker i større grad 3D bilete no, men dette inngår ikkje i standardundersøkinga i veke 18.
.........
DA VINCI-ROBOTEN
Meir nøyaktig enn ei menneskehand
Ein firearma blekksprut av metall er plassert over ein bar kvinnemage ved Sentraloperasjonen på Haukeland. Armane står inn i små hol i magen. Gjennom armane går det tynne røyr med instrument og eit videokamera. Gynekolog Per Anders Gulowsen sit i operasjonsfrakk nokre meter unna ved den såkalla da Vinci-roboten. Ved hjelp av eit videobilete som syner pasienten frå innsida, styrer Gulowsen dei to operasjonsarmane. Under huda jobbar to tenger med å fjerne eggstokkar, livmor og lymfeknutar på ei kvinne som har livmorkreft. Operasjonsteamet kan sjå heile inngrepet på ein TV-skjerm.
– Prinsippet er det same som ved kikholskirurgi. Forskjellen er at kirurgen ikkje utfører operasjonen ståande over pasienten, men sitjande ved ei maskin. Roboten overfører rørslene til gynekologen i notid til instrumenta som utfører dei same rørslene inni magen, fortel gynekolog Kathrine Woie ved Kvinneklinikken..
Roboten syner eit tredimensjonalt og forstørra bilete som gir betre djupnesyn. Stålarmane gir fine og nøyaktige rørsler, og ein presisjon som er vanskeleg å oppnå med annan metode. Haukeland fekk roboten i september i fjor. Den kosta 13 millionar kroner.
Sjå fleire bilde av DaVinci-roboten på Flickr
.........
RESPIRATOR
Vår tids jernlunge
– Dette er arbeidshesten vår og den absolutt viktigaste maskina på sjukehuset for kritisk sjuke pasientar, fortel seksjonsoverlege Hans Flaatten ved Intensivmedisinsk seksjon. Ved sidan av ei eldre, sovande dame står eit grått apparat med lysande raude tal og runde knottar. Ut frå maskina går både tjukke og tynne slangar. Respiratoren sørgjer for å halde den gamle dama i live ved hjelp av mekanisk pusting. Ein slange bles ei blanding av luft og oksygen ned i pasienten sine lunger, samstundes som luft som inneheld karbondioksid vert pumpa ut.
– Det var polioepidemien på 50-tallet som gjorde at respirator for alvor vart tatt i bruk, fortel Flaatten.
Polio hemma respirasjonen til unge menneske, og legane sto makteslause. Etterkvart fann legane ut at dei kunne hjelpe pasientane med å puste manuelt med bag. I løpet av nokre veker fall talet på døde frå 90 til 25 prosent. På Haukeland er det om lag 1000 pasientar som får respirasjonsbehandling kvart år. Det finst mange typar respiratorar, både enkle og avanserte. Enkelte pasientar har heimerespirator som dei er kopla til om natta. Haukeland har den nasjonale kompetansen på heimerespirator.
.........
PET/CT
Jaktar på kreftceller
- Maskina gir eit detaljert og riktig bilete av kor ein finn kreftceller i kroppen. På den måten kan vi gje nokre kreftpasientar riktig behandling tidlegare, forklarar leiar ved PET-senteret Nina Kleven-Madsen mens ho står framfor den store trommelen som pasientar blir køyrt gjennom. PET er ei forkorting for positron-emisjons-tomografi. Metoden gjer det mogleg å måle den detaljerte fordelinga i kroppen av eit radioaktivt stoff som ein har injisert i blodet på pasienten. Det radioaktive stoffet blir tatt opp av levande kreftceller og fordelinga blir avbilda. Desse forbindelsane synleggjer vevet sin funksjon og ikkje berre utsjånad, slik CT gjer. Men saman med CT, i ein PET/CT, får ein det beste frå to verder, både fysiologi og anatomi.
– Maskina gir oss viktig informasjon om spreiing, eventuelt attverande kreftvev etter kirurgiske inngrep eller anna behandling, og om korleis ein svulst har reagert på behandlinga. Men den er dessverre ikkje like nyttig for alle krefttypar, fortel Kleven-Madsen. I framtida ser dei for seg at PET kan brukast i samband med andre sjukdommar i hjartet og hjernen. Haukeland er eit av tre sjukehus i Noreg som har tatt i bruk PET.
.........
LYSBEHANDLING
Lindrande lys
Det ser ut som eit stort, kvitt solarium, og det langbølgja ultrafiolette lyset gjer huda til Jan Erik Grønsberg glatt og brun. Men det er ikkje det som er misjonen til dei elektromagnetiske strålane som kjem ut av UVA1-maskina. Jan Erik har sjukdommen lymfomatoid papulose, ei sjeldan kronisk hudliding som kan utvikle seg til lymfekreft.
-–Eg har utslett over heile kroppen, men mest på beina. Lysbehandlinga gjer at huda blir betre og eg har det generelt betre med meg sjølv, seier Jan Erik. Lysbehandlinga går over periodar. Jan Erik ligg i maskina og høyrer på musikk i 100 minutt kvar dag over tre veker. – Strålane er sett saman på ein spesiell måte slik at vi kan gje ganske store dosar med stråling utan at pasienten vert brent. Strålane går ned i huda og drep T-lymfocyttar som kan utvikle seg til kreftceller. Dette er eksperimentell behandling, då inga anna behandling har virka på Jan Erik sin sjukdom. Vi vil sjå etter ei tid om behandlinga har hatt effekt, fortel overlege Kåre Steinar Tveit ved Hudavdelinga på Haukeland.
Publisert
29.10.2010 13:01 |
Endret
01.11.2010 12:58