Blodbanken 

Blod er ein viktig del av akuttberedskapen og behandlinga i sjukehuset. For å skaffe nok blodkomponentar er det behov for blodgivarar. I dag er rundt 10 000 personar i Hordaland blodgivarar. Det er for lite til at beredskapen skal vere god nok. Blod kan bare skaffast frå frivillige blodgivarar.

Kven kan bli blodgivar
For å vere blodgivar må ein vere frisk, over 18 år og meir enn 50 kg. Diverre kan sjukdom overførast frå blodgivaren til pasienten som mottar blodet. Sjølv om du er godkjent som givar vil det vere periodar då du ikkje får gi blod.

Blodbanken er ein del av Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin.

Korleis gir eg blod? frå Vimeo.

Kort sjekkliste før du avtalar time  Kort sjekkliste før du avtalar time

  • Enkel tannbehandling, vent 24 timer.
  • Forkjøling utan feber, vent 1 uke.
  • Munnsår/opne sår, vent 14 dagar etter tilheling.
  • Rotfylling, tanntrekking osv., vent 1 veke etter avslutta behandling.
  • Hatt oppkast eller laus avføring, vent 14 dagar frå du er frisk. 
  • Gjennomført noen form for tablettbehandling, vent 14 dagar etter avslutta kur.
  • Feber og influensa, vent 14 dagar frå du er frisk. 
  • Opphald i USA og Canada, vent 4 veker etter heimkomst. 
  • Opphald i Austen og Afrika, ta kontakt. 
  • Flåttbit, vent 4 veker - viss infeksjon, vent 6 månader.
  • Skifte av seksualpartnar, vent 6 månader. 
  • Vore i malariaområde, ta kontakt. 
  • Tatovering og piercing, vent 6 månader. Ikkje gi med piercing i slimhinner.
  • Vore i Storbritannia i meir enn 1 år til saman i perioden 1980 - 1996, ta kontakt med Blodbanken.

Meld deg som blodgivar!  Meld deg som blodgivar!

Du kan melde deg som givar ved å ringe 55 97 30 17 eller sende e-post til blodbanken@helse-bergen.no

Du kan også bruke innmeldingsskjema på www.giblod.no

Spørsmål og svar  Spørsmål og svar

Her finn du svar på alt om blodgiving ved Haukeland universitetssjukehus.

Opningstider  Opningstider

Haukeland universitetssjukehus, Laboratoriebygget, 3. etasje

Opningstider Blodbanken:
måndag, tirsdag og fredag:
07.30 - 15.00

onsdag og torsdag:
12.00 - 19.00

Kart:
Laboratoriebygget, 3. etasje
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo