Helse Bergen har det siste året vidareutvikla samarbeidet med kommunane med blant anna følgjande tiltak:
- Ny overordna samarbeidsavtale med Haraldsplass diakonale sjukehus og dei 22 kommunane i sjukehuset sitt nedslagsfelt.
- Ny avtale om rutinar for inn og utskriving av pasientar ved Haraldsplass diakonale sjukehus og de 22 kommunane i sjukehuset sitt nedslagsfelt. Iverksettingsdato er 01.12.09 og varigheit til 31.12.12 (rutinar for epikrise).
- Deltaking i de fire overordna samarbeidsutvala som er etablert i samråd med overordna samarbeidsavtale.
- Det er etablert eit felles samarbeidssekretariat for utvala som førebur saker, sørgjer for teknisk gjennomføring av møter og for at sakene blir formidla til rette vedkommande (struktur).
- Etablering av intern kommunegruppe med deltaking frå klinikk og administrasjon.
Hovudoppgåva til intern kommunegruppe er å førebu saker for behandling i eit eller fleire samarbeidsutval, drøfte samarbeidsutfordringar med kommunane og å bidra til at vedtak i eit eller fleire samarbeidsutval blir følgt opp og satt i verk i Helse Bergen.
Dei ovanfor nemnte tiltak skal understøtte klinikkane sitt samarbeid med kommunane:
- Den daglige samhandlinga som er mellom klinikk og aktuelle kommunar.
- Driftsmøtet der ein kvar veke møter kommunane vedrørande utskrivingsklare pasientar. Driftsmøte haldast kvar torsdag kl. 15 med representantar frå Haukeland, HDS og Bergen kommune. Det har mandat og samansetning slik det går fram av vedlegget.
- Prosjektretta samarbeid mot ein eller fleire kommunar.
Kva no - i 2010?
I 2008 og 2009 har det vore viktig å utforme struktur og hensiktsmessige møtearenaer for samarbeidet. I 2010 blir det viktig å ta i bruk den nye strukturen. Vi veit at på mange område fungerer samarbeidet godt, men vi veit og at det er område vi kan og bør bli betre på.
Det ønskjast større merksemd rundt pasientar som verken spesialisthelsetenesta eller kommunehelsetenesta kan hjelpe aleine og der det trengs tett og forpliktande samarbeid over tid.
Publisert
15.06.2010 12:51 |
Endret
15.06.2010 14:18