Styrke pasientretta klinisk og translasjonell forsking, samt helsetenesteforsking med tydeleg relevans for helseføretaket 

 
 

Det er eit mål at alle avdelingane i Helse Bergen skal drive med forsking og innovasjon. Det skal vere stor takhøgd for ulike forskingstema og val av gode metodar frå ulike tradisjonar, gjerne med fleirfagleg forskingsarbeid som resultat.
Slik vert ein sett i stand til å løyse meir komplekse forskingsspørsmål. Ein tydeleg relevans for helseføretakets tenesteoppgåver vil bli positivt lagt vekt på. Forskingssvake områder eller fagfelt der det er eit stort behov for kunnskap vil bli vurdert særskilt.

Helse Bergen ønskjer samstundes å sikre at sterke forskingsmiljø veks og at dei kan verke som gode eksempel for andre. Forskingsgruppene, som ofte er tverrinstitusjonelle, må styrkast slik at kvaliteten blir høg nok til å kunne nå opp i den nasjonale og internasjonale konkurransen om forskingsmidlar. På same vis må ein vere merksam på at desse miljøa fort kan forvitre når ulike forskingsmiljø vert konsoliderte nasjonalt eller internasjonalt - i større prosjekt eller satsingar.

Helse Bergen har i sin strategiplan peika ut nokre pasientgrupper som treng særskilt merksemd. Dette gjeld pasientar innan rusfeltet, barne- og ungdomspsykiatrien, høgintensive og traumatiserte pasientar, pasientar med infeksjonar, kreftsjuke og dei med hjarte- og karsjukdommar, inkludert hjerneslag. Det å ha eit overordna blikk retta mot desse pasientgruppene er ikkje til hinder for at den generelle forskingsfridomen får halde fram i føretaket. Forsking hos pasientar med kroniske sjukdomar, samt opplæring av pasientar og deira næraste, og forsking på sjølve helsetenestetilbodet er alltid rett.

Helse Bergen har fleire nasjonale og regionale kompetansesentra og landsfunksjonar. Dette er miljø som har blitt tildelt ein spesiell funksjon på bakgrunn av kompetanse. Disse miljøa vil vere sentrale i å halde oppe forskingskvaliteten og har ein strategisk betyding for føretaket.

Om lag 40% av forskingsartiklane i 2008 hadde internasjonale medforfattarar. Det er like fullt eit ønske om å styrke den internasjonale kontaktflata. Utveksling av metodekunnskap og samhandling om konkrete prosjekt vil styrke kompetanse og nettverksbygging. Innan mange forskingsfelt er Helse Bergen regionen sin leiande sjukehusinstitusjon og har såleis eit særskilt ansvar for å styrke heile regionen.

Publisering i vitskaplege tidsskrift er ein sentral del av forskinga. I tillegg blir det stadig større forventningar til at forskarane skal drive aktiv formidling av det dei arbeider med også til befolkninga. Helse Bergen vil legge til rette for å dyktiggjere forskarane innan formidling, og oppmuntre til å bidra med den fagkunnskapen dei har i den offentlege debatten.

Det er eit nasjonalt ønske å auke talet på kvinner i vitskapelige stillingar og som forskingsleiarar. Det vil på noko sikt gi ein god kjønnsbalanse innan forskings- og innovasjonsverksemda.


Publisert 24.05.2010 21:48 | Endret 24.06.2010 22:59 
A
Styrke pasientretta klinisk og translasjonell forsking med tydeleg relevans for helseføretaket


A1

Legge til rette for meir forsking

A1.1

Det er eit mål at alle kliniske- og laboratorieavdelingar i Helse Bergen skal forske. Val av forskingstema er opent, når ein ser bort frå konkrete strategiske satsingar innan nokre fagområde.

A1.2

Avdelingsleiingar skal målast på forskingsaktivitet og ressursar, på lik linje med pasientbehandling og budsjettkontroll. Fagbakgrunnen til dei som driv forsking skal synleggjerast.

A1.3

I kliniske- og laboratorieavdelingane bør det vere ein forskingskompetent person i leiargruppa med oppgåve å styrke forskingsverksemda.

A1.4

Det skal utarbeidast ein plan for innhaldet i, storleiken på og forventningar til forskingsverksemda for ulike profesjonar. Målet er rett kompetansesamansetning for å løyse oppgåvene for helseføretaket.

A1.5

Det skal utarbeidast ein plan for innhald og forventningar knytt til fordjupingsstillingane for legar i samarbeid med tillitsvalde.

A1.6

Sterke forskingsmiljø skal synleggjerast og verke som gode eksempel for andre. Dette kan styrke verksemda totalt og også løyse ut samarbeid på tvers av avdelingane.

A.1.7

På sikt bør eit fleirtal av alle overlegar i Helse Bergen ha doktorgrad.

A 1.8

Alle større kliniske- og laboratorieavdelingar bør ha medarbeidarar med helsefagleg utdanningsbakgrunn som har mastergradskompetanse, og på sikt doktorgradskompetanse.

A.2

Bidra til forsking innan prioriterte pasientgrupper nemnde i Helse Bergen sin Strategiplan 2008 – 2012

A2.1

Opprette fleire stillingar i Helse Bergen med 50/50 deling mellom forsking og klinisk arbeid innanfor prioriterte pasientgrupper. Stillingane skal vera åremålsstillingar.

A2.2

Auke bruken og kvaliteten på kvalitets- og forskingsregistra som er knytt til prioriterte pasientgrupper.

A2.3

Stille til rådvelde såkornmidlar for å starte forsking innan dei prioriterte områda, til dømes korttidsstipend.

A3

Kvalifisere fagmiljø til Senter for framragande forsking i samarbeid med Universitetet i Bergen

A3.1

Identifisere og stimulere minst tre fagmiljø med deltakarar frå Helse Bergen til å søke Noregs forskingsråd om Senter for framragande forsking innan 2012, og utnemne personar til å leie dette arbeidet.

A4

Styrke forskingssvake områder og fagfelt

A4.1

I samband med aktuelle fagfelt foreta ei systematisk identifisering av forskingssvake fagfelt, gjerne i tråd med det britiske systemet for slik vurdering.

A4.2

Utvikle og eventuelt sette i gang strategiar/planar for aktuelle fagfelt.

A4.3

Yte stønad til særskilt viktige fagområde for helseføretaket og samtidig utfordre samarbeidspartnarar til å fremje eigne tiltak for å støtte dette, som til dømes å finansiere/ opprette adjungerte professorat/andre relevante stillingar, innan det aktuelle området.

A4.4

Opprette øyremerka midlertidige stillingar (korttidsstipend) til forsking innan svake forskingsfelt for å skrive vitskapelege artiklar, starte doktorgrads- eller postdoktorprosjekt.

A4.5

Styrke fleirfagleg forsking, som til dømes helsetenesteforsking, gjennom dialog og tiltak i samarbeid med UiB og Høgskulen i Bergen (HiB).

A4.6

Følgje opp plan for helsefagleg forsking i Helse Vest ved å arbeide aktivt for å auke talet på helsefagleg tilsette med doktorgradskompetanse, og bidra til at desse aktivt styrker tenesta sine oppgåver.

A.5

Vidareutvikle den internasjonale kontaktflata

A5.1

Stimulere til auka støtte og samarbeid med UiB om søknader frå Bergensregionen til EU sitt rammeprogram for forsking. På sikt er målet at Helse Bergen sender sjølvstendige søknadar til EU.

A5.2

Legge til rette for og støtte dei som driv forsking på postdoktornivå til eit 6-12 månader langt forskingsopphald i utlandet.

A5.3

Støtte og vidareutvikle Nordic University Hospital Research Conference (NRC) og tilhøyrande nettverk.

A6

Betre kjønnsbalansen i vitskaplige stillingar og som forskingsleiarar

A6.1

Samarbeide med UiB om å betre kjønnsbalansen i vitskapelege stillingar og innan forskingsleiing.

A7

Faglege regionale nettverk

A7.1

Styrke forsking i regionen ved å vere pådrivar til å opprette fleire faglege nettverk.

A7.2

Synleggjere eksisterande faglege nettverk i regionen slik at også forskarar i dei mindre helseføretaka kan verte inkluderte ved planlegging av ny verksemd.

A8

Landsfunksjon, nasjonale kompetansesentra

A8.1

Arbeide for å sikre ein stabil finansiering av nasjonale tenester inkludert kompetansefunksjonen knytt til desse.

A9

Formidling

A9.1

Lage opplegg for å dyktiggjere forskarane i populærvitskapleg formidling og stimulere dei til å bidra med fagkunnskapen sin i den offentlege debatten.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo