Den nye samhandlingsreforma signaliserer tydelegare satsing på forsking som omfattar både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Dette omfattar både gjennomføringsdelen og forskingstøtte.
Forskingsinnsatsen må innrettast slik at problemstillingane i primærhelsetenesta får ein større plass i medisinsk og helsefagleg forsking.
Forsking og fagutvikling i den kommunale helsetenesta er eit viktig virkemiddel for å heve sektoren sin status og dermed posisjon for rekruttering.
Viktige virkemiddel er forsking på kliniske problemstillingar i sektoren og å leggje vekt på den praksisnære forskinga for å få svar på om det ein gjer er effektivt. Helseføretaka med sin forskingskompetanse vil vere svært sentral her.
Tilsette i Helse Bergen har i hovudsak forskingssamarbeid med tilsette ved Universitetet i Bergen samt nasjonale - og internasjonale faglege nettverk. Det er også samarbeid med dei andre føretaka i regionen samt høgskulane.
Om lag 150 av tilsette legar har kombinerte stillingar mellom Helse Bergen og Universitetet i Bergen, av desse er omlag 50% i professor I stilling (50-100%).
Dette samarbeidet er det viktig å ta vare på. Helsefagleg og fleirfagleg forsking er likeins viktig å støtte gjennom oppfølging av Plan for helsefagleg forsking i Helse Vest RHF. Her vil samarbeidet mot høgskolane vere sentralt.
Helse Bergen vil også ha samarbeid på tvers av helseføretaka i regionen, og dette inkluderer også Apotekene Vest og Haukeland sjukehusapotek.
Publisert
24.05.2010 22:40 |
Endret
24.06.2010 23:01