Sikre finansiering og styrke handtering av økonomien i forskings- og innovasjonsverksemda 

 
 
Helse Bergen bruker knapt 200 millionar kroner årleg til forsking over eiga ramme. Den største delen av dette er lønningar til tilsette i føretaket som gjer forskingsoppgåver. Resten er infrastrukturstøtte og midlar til nokre få konkrete prosjekt.

Den nest største kjelda er tildelingar av forskingsmidlar frå HOD via det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i regionen. Helse Bergen har hatt god utteljing på desse konkurranseutsette forskingsmidlane, og våre forskarar fremmer også verksemda ved å sende søknadar til Universitetet i Bergen.

Helse Bergen har årleg sett til side midlar gjennom det strategiske forskingsprogrammet som blir administrert av Innovest AS.

Gåver til Helse Bergen, Bergen forskingsstifting, Bergen medisinske forskingsstifting og andre gåver til avdelingar og einingar er av stor betyding for verksemda og vert nytta til forsking alt etter føremålet.

Eit strategisk riktig grep vil no kunne vere at Helse Bergen sentralt, knytt til fagdirektøren, kan disponere nokre midlar til konkrete satsingar tilknytt denne nye forskings- og innovasjonsstrategien. 

Prioriteringane i strategien bør inngå i føretakets budsjettprosess.

[alternativ tekst]
Finansiering av forsking i Helse Bergen med tall frå hovedkildene for forskingsfinansiering i 2008.

Publisert 24.05.2010 22:53 | Endret 24.06.2010 23:02 
F
Styrke økonomi og finansiering av forsking og innovasjon


F1

Synleggjere bruken av øyremerka midlar til forsking

Arbeide for at kriteria for tildeling av forskingsmidlar blir synleggjort, og sikre at bruken av forskingsmidlar kan sporast.

F1.1

Helse Vest sine forskingsmidlar i helseføretaket skal rekneskapsførast. Andre eksterne forsking- og innovasjonsmidlar skal rekneskapsførast hos Innovest AS.

F1.2

Følgje oppdragsdokumentet frå Helse Vest med omsyn til rapportering av ressursbruk til forsking i føretaket. Synleggjere dette saman med andre styringsdata og sjå til at oppnådde resultat står i eit rimeleg forhold til total ressursbruk.

F2

Styrke finansiering av forsking og innovasjon

F2.1

Helse Bergen vil gradvis styrke forskingsfinansieringa over egen ramme.

F2.2

Sentrale midlar frå føretaket bør nyttast til å styrke:
• infrastruktur for forsking,
• avdelingsoverskridande satsingar
• satsingar knytt til prioriterte pasientgrupper
• innovasjonssatsinga
• fleire 50/50 stillingar delt mellom klinikk og forsking/innovasjon.

F2.3

Vidareføre Helse Bergen sitt strategiske forskingsprogram, som for tida er administrert av Innovest AS.

F2.4

Etablere premieringsordningar/ stimuleringsmidlar for prosjekt som sikrar internasjonal finansiering.

F2.5

Etablere ein gjennomarbeidd prispolitikk for prising av alle tenester i kliniske studiar saman med Innovest AS.

F2.6

Arbeide for at Helse Vest RHF set av ein regional pott til innovasjonstiltak.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo