Legge betre til rette for meir behovs- og kunnskapsdriven innovasjon 

 
 
Helse Bergen har gjennom oppdragsdokumentet frå Helse Vest RHF forplikta seg til å styrke innovasjonsaktiviteten ved føretaket.

Helse Bergen er medeigar i både Innovest AS og i Bergen Teknologioverføring AS (BTO AS).
Disse to aktørane har kvar for seg kompetanse innanfor innovasjon innan helsesektoren og i kommersialisering av desse innovasjonane. Ut frå gjeldande retningsliner handterer i dag BTO AS alle idear som kjem som eit resultat frå forsking og utvikling ved helseføretaket.

Innovest AS har i hovudsak kontakt med den etablerte legemiddelindustrien og medisinsk tekniske industriselskap.

Det er eit mål å utnytte den samla forskings- og utviklingsinnsatsen på beste måte. Det er også ønskjeleg at Helse Bergen skal komme i posisjon slik at ein kan finansiere innovasjonsprosjekt gjennom nasjonale, nordiske eller EU sine rammeprogram.

[alternativ tekst]
Finansiering av innovasjon i Helse Bergen.

Publisert 24.05.2010 22:44 | Endret 24.06.2010 23:01 
E
Satse på behovs- og kunnskapsdriven innovasjon


E1

Identifisere, utvikle og profilere fleire innovasjonsprosjekt

E1.1

Utvikle og støtte ein innovasjonskultur i leiarskapen til føretaket og i føretaket som heilskap.

E1.2

Bygge fagmiljø for utprøving av nye medisinske metodar, med særleg vekt på høgteknologisk operasjonsstove (hybridstove), komplett ferdigheitssenter og avansert bildediagnostikk.

E1.3

Saman med Helse Vest RHF foreta ein gjennomgang/screening av søknader frå Helse Bergen til Helse Vest sitt kvalitets- og forskingsprosjekt med tanke på å utvikle prosjekta vidare som forprosjekt i Innomed eller kommersialiseringsprosjekt hos BTO.

E1.4

Profilere gode innovasjonsprosjekt i avdelingar, på nettet og i andre samanhangar.

E1.5

Utvikle møteplassar og samhandling med føretaket sine innovatørar og gründerar.

E1.6

Saman med BTO AS og Innovest AS forsøke å etablere ein idèpoliklinikk for mottaking og profilering av nye innovasjonar.

E2

I samarbeid med Universitetet i Bergen arbeide for å kvalifisere fagmiljøa til status som Senter for forskingsdriven innovasjon.

E2.1

Identifisere og stimulere minst tre fagmiljø med deltakarar frå Helse Bergen til å søke Noregs forskingsråd om "Senter for forskingsdriven innovasjon" innan 2012.

E2.2

Styrke innovasjonsmiljøa slik at dei kjem i posisjon til å søke nasjonale-, nordiske- eller EU midlar.

E3

Etablere fleire OFU-kontraktar der Helse Bergen er med som krevjande kunde

E3.1

Heve talet på OFU-kontraktar (offentlige forskings- og utviklingskontraktar gjennom Innovasjon Noreg) der sjukehuset er den krevjande kunden.

E3.2

Styrke føretakets kompetanse på OFU - kontraktar og prioritere ressursar til dette arbeidet.

E3.3

Alle nye utbyggingar og utviklingsprosessar bør vurderast av Prosjektkontoret i Helse Bergen med omsyn til innovasjon og mulig styrka finansiering.

E4

Utnytte virkemiddelapparatet hensiktsmessig

E4.1

Styrke fagsenter for innovasjon og kommersialisering slik at prosjekt frå BTO AS og Innovest AS får den framdrift og forankring i føretaket som er nødvendig.

E4.2

Sette av ekstra ressursar til å starte opp konkrete innovasjonsprosjekt.

E4.3

Avklare arbeidsfordelinga mellom Helse Bergen, Innovest AS og BTO AS med omsyn til korleis ein systematisk nytter virkemiddelapparatet for innovasjon.

E5

Regional samkøyring og samarbeid om innovasjonsprosjekt

E5.1

Etablere god dialog med innovasjonsansvarlig i Helse Vest RHF.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo