Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pusterommet

Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar før, under og i ei gitt tid etter behandling.

Tre kvinner trener på ulike treningsapparat med veiledning fra kvinnelig instruktør i treningsrom. Foto

For å kunne delta i rehabiliteringa må KOR ha ei tilvising frå lege ved Kreftavdelinga, Kvinneklinikken, Hematologisk seksjon eller Hyperbarmedisin. Etter at tilvisinga er motteke, tek KOR kontakt  for å avtale tid for ein samtale med helse- og treningsrådgjevar før oppstart av tilbodet. 

Treninga går føre seg i grupper, og ved behov er det moglegheit for individuell rettleiing. Ut ifrå dagsform og behandling trener du det du orkar og tek dei pausane du har behov for. 

Pusterommet har styrketreningsutstyr, innandørs syklar, manualar, romaskiner, tredemøller, strikk, kasser, ballar og matter.

Kvifor trene under og etter kreftbehandling? 

Fysisk aktivitet har god effekt på fysisk og psykisk helse. Å vere fysisk aktiv saman med andre er eit fint høve til å bli kjent og ha noko kjekt å gjere saman. Fysisk aktivitet har også positiv effekt på moglege seineffektar som kreftrelatert fatigue, angst, nervesmerter, muskel- og skjelettplager, overvekt, hjarte- og karsjukdommar, diabetes, osteoporose (beinskjørheit) og lymfødem. 

Styrketrening

Styrketrening er viktig i forhold til å stimulere muskelmasse og skjelettet. Ei kroppssamansetting med ei sunn fordeling av musklar og feittvev er eit godt grunnlag for god helse. Muskelmassen gjer god funksjon i kvardagen og er viktig i forhold til energiforbruk. Beinvevet kan ved nokon behandlingar bli redusert, og styrketrening kan difor vere viktig for å førebygge eit ytterlegare tap.  

To damer i treningsklær sykler treningsrom med skiltet
 

 

Kondisjonstrening

Kondisjonstrening stimulerer hjarte- og karsystemet i form av auka oksygenopptak, fleire blodårer og sterkare blodårevegger, auka blodgjennomstrømming og sunnare blodfeittprofil. Hjartet blir dyktigare på den jobben det gjer, slik at kvilepulsen kan bli redusert og hjartet blir utsett for lågare arbeidsbelasting resten av døgnet. 

Ergospirometri

Ergospirometri (CPET – cardiopulmonary exercise test) er ei undersøking som måler oksygenopptak, lungefunksjon og arbeidskapasitet. Hensikten er å få ein status på din fysiske kapasitet. Testen kan være veiledande for eit individuelt tilpassa treningsprogram, og kan brukas for å måle eventuell effekt av trening.  

Testen gjennomførast på tredemølle med gradvis aukande belastning, til utmatting. Under testen måler vi oksygenopptak ved at du er tilkopla måleutstyr via ei ansiktsmaske. Maska skal være heilt tett, men du klarer fint å puste. Vi registrerer også puls via eit pulsbelte. For at du skal utføre ein god test er det viktig at du presser deg til det ytterste. Dette vil opplevast ubehageleg. Testleiar vil regelmessig spørje deg korleis det går. 

Testleiar vil i etterkant vurdere verdiane. Verdiane vurderast i forhold til forventa verdi for friske personar med tilsvarande alder og kjønn. Resultata blir lagt inn i din elektroniske pasientjournal. 

Utandørs aktivitet

Me oppfordrar til utandørs aktivitetar når det er mogleg. P​asientar ved Kreftavdelinga kan få gratis billettar til gondolen Ulriksbanen som går opp til fjellet Ulriken.

Aktiv mot Kreft

Aktiv mot kreft, som etablerer Pusterom på sjukehus rundt i landet, står bak konseptet Pusterommet hjemme. Her får du komplette treningsøkter som du lett kan gjennomføra heime. Du treng ikkje anna utstyr enn eit par sko, og du velger økt og intensitet etter eige ønske og dagsform. Kvar veke (utanom i feriar) vert det send direkte treningstimar "Pusterommet live" i regi av Aktiv mot Kreft.

Pusterommene i Norge

Sist oppdatert 26.04.2024