Klare for neste steg: André er redd for å sprekke når han flyttar i eiga leilegheit for godt, men har lyst til å gå vidare med livet sitt.
– Eg var aktiv innan både fotball og friidrett, men så svikta begge knea mine. Det førte til at eg bytta vennekrets, fortel han.
I den nye vennegjengen var hasj lett tilgjengeleg, og André var lett påverkeleg. For å gjere ein lang historie kort: det gjekk frå hasj til piller og amfetamin, og etterkvart endå hardare saker. Lenge før han var ferdig med tenåra var André ein blandingsmisbrukar på fleire tunge stoff. På skulen var han meir vekke enn til stades.
– Det er heroin eg har slite mest med, seier han.
– Den tar fullstendig kontroll over livet ditt.
Var ikkje motivert
Første gong André starta behandling, var han 19 år gamal. Det var sosialkuratoren som tok initiativ.
– Det nytta ikkje, eg var ikkje motivert. Eg skulle berre leggje på meg for å tole ny runde. Du må ville det sjølv for å bli rusfri, konstaterer han.
Han var til behandling fleire stader i landet dei neste fem åra, men kom seg ikkje ut av rusen. Til slutt var han så sliten og nedbroten at han skjønte at noko måtte gjerast. Via kjente i rusmiljøet hadde han høyrt godord om Floenkollektivet, og sosialkuratoren hjelpte han med å få plass.
– På Floen var det fellesskap, grupper, samtalar. Eg trengte å snakke om ting, og det fekk eg der, fortel André.
– I tillegg er det tidlegare misbrukarar som jobbar der, dei veit kva dei snakkar om. Og medelevane dine passar på deg, dei ser viss du går på ein smell.
Struktur og orden
Ei av dei andre elevane han kunne snakke med, var ”Wenche”(22). Av omsyn til skulen der ho jobbar, ønskjer ikkje ”Wenche” å stå fram med namn og bilete. Men også ho har ei sterk historie å fortelje. Som André starta ho tidleg, og det gjekk frå hasj til piller og sterkare stoff. Ho hamna i fengsel som 20-åring, etter å ha køyrt utfor med bil i ruspåverka tilstand. Då stod ho på venteliste til Floenkollektivet. På grunn av rusproblema måtte ho sone i fengsel i staden for open soning.
– Det er det beste som har skjedd meg, faktisk. Abstinensane var heilt forferdelege, men med open soning ville eg ha stukke av, seier ho.
Etter seks månader inne bar det rett til Manger.
– Det var knallhardt, og eg gjekk på nokre smellar, men for meg fungerte det. Det var struktur og orden, og dei brydde seg.
I januar 2010 flytta ho til Floenkollektivet avdeling Bergen på Laksevåg, eit steg vidare. Ho har nyleg feira eittårsdag som rusfri, og i april flyttar ho i eiga leilegheit.
André gjekk på sin første sprekk på Manger etter tre månader.
– Då måtte eg vere ute i ni månader før eg fekk kome tilbake. Floen skal sjå at motivasjonen er riktig før dei gir deg ein ny sjanse. Du må vise at du vil. Eg hadde godt av det, det fekk meg til å sjå at eg verkeleg trengte plassen, fortel han.
Fellesskapet som metode
Både André og ”Wenche” sine historier er typiske for elevane i Floenkollektivet.
– Hovudmålgruppa er rusavhengige i alderen 18 til 30 år som har prøvd anna behandling, og som har bruk for eit meir langvarig tilbod, fortel teamleiar ved Floenkollektivet avdeling Bergen, Hege Løtvedt.
– Tanken i botnen på heile Floenkollektivet er fellesskapet som metode, relasjonsbygging over tid.
Her på Laksevåg må elevane ta stilling til verda på ein annan måte enn dei måtte på Manger, seier teamleiar Hege Løtvedt.
På Laksevåg byggjer dei vidare på det arbeidet elevane starta på Manger. Dei har obligatorisk terapigruppe og individualsamtalar/parsamtalar. Kvar tredje månad har elevane målgruppe, der dei får tilbakemelding frå både medelevar og tilsette på korleis det har gått dei siste tre månadene. Så set dei opp nye mål for neste periode.
– Vi ser sjølvsagt på problem og utfordringar, men vi prøver å vere gode på å sjå på meistring i tillegg – kva har dei klart og oppnådd så langt, fortel Løtvedt.
Laksevåg er eit steg nærare kvardagen i eiga leilegheit.
– Her må dei ta stilling til verda på ein annan måte enn dei måtte på Manger. Dei er her frivillig og skal ta ansvar sjølve, understrekar Løtvedt.
– Blant anna må dei klare seg sjølve økonomisk.
Oppfølging etter flytting
André kom til Laksevåg for sju månader sidan. No bur han i eiga leilegheit fire dagar i veka, og tre dagar i kollektivet. Han går sveisekurs, med mål om å ta fagbrev. Endeleg dato for utflytting veit han ikkje enno.
– Det er opp til både meg sjølv og dei som jobbar her, forklarar han.
Før nokon flyttar frå kollektivet, ligg det både faglege vurderingar og samtalar med eleven til grunn.
– Nokre gonger må vi dytte litt, for at dei skal kome seg ut frå det trygge livet her, seier Løtvedt.
– Andre gonger har vi ikkje tru på at dei er modne for å klare seg sjølve. Då må vi ta nokre rundar til. Vi jobbar med heile mennesket: psykisk, fysisk, psykosomatisk, nettverk og økonomi.
Det at elevane flyttar i eiga leilegheit, betyr uansett ikkje at dei er heilt ferdige med Floenkollektivet.
– Vi har oppfølging i det vi kallar fase fire òg. Dei er på besøk her, vi er på besøk hos dei. Vi har òg eit poliklinisk tilbod i denne fasen med samtalar og grupper, fortel Løtvedt.
André synest det er vanskeleg å seie om han er klar for å flytte permanent.
– Eg er redd for å sprekke. Som rusavhengig må du vere bevisst på kven du er med og kva festar du går på. Eg vil ikkje utsetje meg for freistingar, seier han.
– Men eg har lyst til å gå vidare.