Det er i all hovudsak kreftpasientar som blir undersøkt ved hjelp av PET/CT-scanning. Denne undersøkinga gir enda meir informasjon om tilstanden i kroppen enn ei vanleg CT-undersøking.
For å gjennomføre ein PET/CT-undersøking treng vi det som blir kalla radioaktive isotopar. På Senter for Nukleærmedisin/PET har vi noko som heiter en partikkelakselerator, ein såkalla syklotron. Denne produserer radioaktive isotopar som blir brukt i radioaktive legemiddel. Dette legemiddelet (F-18 FDG) blir laga her hos oss, og er i praksis radioaktivt druesukker. Druesukkeret blir nytta ved dei fleste PET/CT-undersøkingane.

Det radioaktive druesukkeret blir sprøyta inn i blodet til pasienten om lag ein time før PET/CT-undersøkinga. Det tek rundt 45 minutt før druesukkeret blir tatt opp i kroppen og spreier seg. Når undersøkinga er gjennomført, vil legane som tolkar bileta, kunne sjå og identifisere unormal aktivitet i kroppen.
 |
Druesukkeret blir teke opp i kroppen der kroppen treng energi til å gjennomføre celledeling. Det spesielle med å bruke radioaktivt druesukker, er at det vil sende ut gjenkjennelege signal frå den staden i kroppen som tek opp druesukkeret. Når kreftsvulstar veks, vil signalet frå cellene i denne delen av kroppen vere større enn elles. Då blir desse signala registrert i ein dedikert PET/CT scanner, og ein lagar eit bilete av pasienten som viser kor kroppen har teke opp det radioaktive druesukkeret.
Forkortinga PET står for Positron Emisjons Tomografi. Namnet tek utgangspunkt i korleis det radioaktive legemiddelet sender ut stråling som gir bildene i PET/CT scanneren. Namnet PET/CT skuldast at ein gjennomfører både PET-undersøkingar og CT- undersøkingar i denne maskinen. PET-bileta åleine gir ikkje eit heilskapeleg bilete av anatomien til pasienten og difor blir dei brukt i lag med ei vanleg CT-undersøking. Slik får ein eit bilete på både anatomi og funksjonen (korleis kroppen forbrenn druesukker) i ein og same undersøking.