Førstepilot på pasienttryggleik  

 
Kvinneklinikken på Haukeland skal gjere tida etter ein operasjon endå tryggare for norske kvinner. Dei har fått tildelt eit nasjonalt pilotprosjekt innan den nasjonale pasientsikkerheitskampanjen ”I trygge hender”.
Av Camilla Crone Leinebø og Ragnhild Dårflot Olsen
 


Trygg kirurgi er eit av fl eire kvalitetsprosjekt som skal gjennomførast på Haukeland i tida framover.

– Kvinneklinikken ligg langt framme i arbeidet med Trygg kirurgi, sa Helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen då ho opna kampanjen ”I trygge hender” på Haukeland like over nyttår.

Fleire område
Trygg kirurgi  er eit av fleire kvalitetsprosjekt som skal gjennomførast på Haukeland i tida framover. Prosjekta handlar også om bruk av sjekkliste i kirurgien, infeksjonsførebygging og tryggare bruk av legemiddel.

– Vi vil ikkje sjå resultat av alle prosjekta med ein gong, men det blir jobba på mange område i heile sjukehuset, understrekar kvalitetssjef Stig Harthug.

Kvinneklinikken (KK) starta med sin pilot 11. januar. Målet er å unngå sårinfeksjonar etter operasjon. Eksterne fagfolk kjem for å hjelpe til med kartlegginga av korleis dei arbeider og korleis dei kan bli betre på det dei gjer.

– Vi skal sjå nærmare på tre område; bruk av antibiotika i samband med kirurgiske inngrep, fjerning av hår og temperaturmåling. Desse områda skal vere med på å førebyggje sårinfeksjonar etter ein operasjon, fortel klinikkdirektør på KK, Ingrid Johanne Garnes.

– Det å gjennomgå ein operasjon er ei påkjenning. Om det attpåtil oppstår infeksjon i operasjonssåret, vil det kunne gi komplikasjonar og det vil ta lengre tid før ein blir frisk. Dette vil vi at pasientane våre i større grad skal få sleppe, seier Garnes.

Nasjonal satsing
Som ein del av ”I trygge hender” skal Haukeland også

 
få betre tal på kor mange pasientskadar det er på sjukehuset. I løpet av 2010 og 2011 skal det gjennomførast ein systematisk sjekk på 500 tilfeldig utvalde journalar ved kvart sjukehus i Noreg, for å finne ut kva skadar som førekjem og kvifor.

– Det er viktig å vite kva skadar vi har og kor stort problemet er, seier Harthug.
– Arbeidet med pasientsikkerheit handlar om at tenestene på sjukehuset skal vere trygge for pasientane.

God meldekultur
Å gjere sjukehustenestene trygge for pasientane handlar også om å ha god kultur kring pasientsikkerheit i sjukehuset, eit arbeid som ifølgje kvalitetssjefen stadig pågår. 

– Vi oppfordrar til openheit om feil, og vi har ein stadig betre meldekultur. Vi er opptatte av at det ikkje er snakk om å straffe nokon, men om å lære av feila vi gjer. I det elektroniske meldesystemet Synergi kan avdelingane i føretaket lage nyttige rapportar over farlege forhold, nesten-uhell og feil. Slik kan både dei sjølve og andre lære av hendingane, seier Harthug.


Publisert 15.12.2011 09:29 | Endret 15.12.2011 09:32 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo