Hjerneslag - du kan redde liv! 

Lamming i ansiktet eller i ein arm, språkforstyrringar eller utydeleg uttale kan tyde på hjerneslag. Ved å vite om symptoma, kan du bidra til å redde liv.

Hjerneslag er ein akutt hjerneskade. I 9 av 10 tilfelle er årsaka ein blodpropp. Kvart år blir 12.000-15.000 nordmenn rammet. Hjerneslag kan vere dødeleg og er hovudårsaka til varig invaliditet. Risikoen for hjerneslag blir større jo eldre ein blir, men hjerneslaget kan også ramme unge.

Hjerneslag lær deg symptoma - Del med dine venner
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com 

Symptom
Symptoma kan vere dramatiske, men kan også vere små og forbigåande. Ofte kan ikkje personen som vert ramma sjølv gje beskjed eller vurdere situasjonen.
Dei viktigaste symptoma er plutseleg manglande syn på eitt auge eller til ein av sidene, talevanskar, eller kraftsvikt i ansikt, arm eller bein. Sjølv om symptoma er lette eller forsvinner raskt, er dei teikn på ein alvorleg sjukdom.


Kva gjer du?
Rask og effektiv behandling kan redusere skade og redde hjerneceller frå å døy. Du har inga tid å miste: ring 113!












Kvifor hastar det å kome på sykehus?

  • For å begrense storleiken på hjerneskaden
  • For å kunne gi trombolyse (hindre blodpropp) innan 3 timer
  • For å behandle komplikasjonar
  • For å kome raskt i gang med rehabilitering

Kvifor er dette viktig?
Hjerneslag er ein av de hyppigaste årsakene til død og funksjonshemming, og er ein stor utfordring både for den enkelte som blir ramma, dei pårørande, for helsetenesta og for samfunnet.

Talet på hjerneslag vil kunne auke med 50 prosent dei neste 20 åra fordi det blir fleire eldre.

Det finst effektiv behandling som kan redusere omfanget av skaden etter eit hjerneslag, men det hastar. Hjerneslag skal behandlast som ein akutt tilstand og alle som kjem i kontakt med personar som har eller nylig har hatt symptom på hjerneslag, kan bidra til at dei kjem raskt til behandling.

 Hjerneslag ?

Dersom du plutseleg mister:

• krafta i arm / bein
• evna til å snakke
• synet på eit auge

kan det være hjerneslag 

      Ring 113!

 Relaterte lenkjer

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo