Om lag ein tredjedel av pasientane ved
Brannskadeavsnittet er barn, og den hyppigaste skadeårsaka hos desse er skålding. I tillegg til brannskade kan pasientane ha hovudskade eller brot. Luftvegane kan også vere skadde av røyk eller gass.
I menyen til venstre kan du lese meir om brannskadar, undersøkingar og ulike behandlingsmetodar ved Haukeland.
Team av fagfolk
Brannskadeavsnittet ved Haukeland har landsdekkande funksjon for behandling av pasientar i alle aldersgrupper med store brannskadar, brannskadar som krev
spesiell ekspertise og andre definerte tilstandar. Pasientane ligg til behandling i gjennomsnitt 20 dagar ved Brannskadeavsnittet.
Ring medisinsk nødtelefon 113 ved mistanke om røykforgifting, brannskade i luftvegane, høgspentskade og djupe skader.
Gutebarn mest utsett
Nesten halvparten av barna som får brannskadar er mellom 0 og 2 år, og det er særlig gutane som vert ramma. Det viser ein
studie om brannskadar hos barn i Bergen gjennomført i 2007.
Fleire skadetypar
Dei aller fleste brannskadar hos barn under 16 år skuldast kontakt- eller
skåldingsskade. Den klassiske skåldeskaden er eit barn som veltar noko over seg. Luftvegane kan også vere skadde av røyk eller gass.
Dei desidert hyppigaste årsakene til at barn brenn seg, er varm mat og drikke eller peis, vedomn og varmeomn. Over 90 prosent av alle skadane skjer innandørs.
Fysioterapeutane er med i akuttbehandling av brannskade, og tenkjer rehabilitering frå innkomstdag.
Brannskade i hand
Ved brannskade i handa blir det ofte arr og stramme områder i handflata og i fingrar. Dette kan føra til vanskar med å strekke fingrane og oppnå full funksjon.
Ergoterapeuten kan hjelpe med tilpassing av skinne og arrbehandling for å oppnå best mogleg handfunksjon etter brannskade. Det er særskild små barn som er utsette for å brenne seg i handa.
Livet etter brannskade
Til tross for at brannskadde har redusert helse, opplever desse pasientane å ha god livskvalitet. Ein studie som omfattar ei spørjeundersøking og ein intervjustudie, viser at overlevande sjølv fleire år etter større brannskadar kan oppleve store belastningar. Studien viser at helsevesenet og samfunnet kan bidra meir til at livet etterpå blir lettare for pasientane.