Brannskadar er fem gonger så hyppig hos barn under fem år som i resten av befolkninga. Dei fleste har skåldingsskadar etter å ha fått varm væske over seg.
|
|
|
Fare for skåldingsskade
foto:Colourbox.com
|
I 2009 blei det lagt inn 27 pasientar ved Brannskadeavsnittet med skåldingsskadar. Gjennomsnittleg alder på desse pasientane var 14 år.
– Den klassiske skåldeskaden er eit barn som veltar noko over seg, fortel seksjonsoverlege Bjørn Erik Rosenberg.
– Det kan vere ein kopp med varm drikke, ei panne med suppe eller nykokt vann frå ein vasskokar. Då blir ofte høgre kinn og arm brent, og delar av bryst og mage.
Heldigvis ser vi ofte at desse skåldeskadane ikkje er så djupe, og overflatiske sårskadar gror av seg sjølv med godt sårstell seier Rosenberg.
Barn frå heile landet
Brannskadeavsnittet ved Haukeland har hatt landsfunksjon for avansert brannskadebehandling
sidan 1984. Barn frå heile landet med skadar over 5 prosent av kroppsoverflata kan kome hit for behandling ( hos vaksne vil dei med skadar over 15 prosent av kroppsoverflata bli vurdert for overflytting). I tillegg blir pasientar med djupe brannskadar i ansikt, på hender og på kjønnsorgan også behandla på Haukeland, sjølv om den totale brannskaden ikkje er så omfattande. Det same gjeld ved mistanke om inhalasjonsskadar og ved høyvoltskadar
|
|
Bjørn Erik Rosenberg
seksjonsoverlege
|
Gutar under tre år mest utsett.
I ein artikkel i Tidsskrift for den norske legeforening, tar professor Henning Onarheim, seksjonsoverlege Einar Eriksen og overlege Anne Berit Guttormsen for seg brannskadebehandling gjennom vel 20 år ved Haukeland universitetssjukehus. Frå 1984 til 2007 var 1524 pasientar innlagt på Brannskadeavsnittet. 25 % av pasientane var under tre år, og dei fleste av desse barna var gutar. Kvifor brannskadar er så hyppig hos barn, og spesielt hos gutar, har ikkje artikkelforfattarane klare svar på.
Tiltak for å unngå skade
– Det er viktig at foreldre eller andre vaksne er påpasselege med kor dei set ifrå seg alt som kan rivast ned av nyfikne barnehender, understrekar Rosenberg.
– Koppar godt inn på bordet, panner med hanken inn, vasskokarar med korte leidningar då det er lange leidningar på vasskokaren som er farleg – dei er det lett for ein liten tass å få tak i. Og vasskokarar med lause lokk. Det er ofte lite som skal til, men det er lett å gløyme.
Publisert
15.12.2011 10:12 |
Endret
15.12.2011 10:15