Kunstnar ga 14 kunstverk til Haukeland 

– Eg vart heilt mållaus då eg fekk sjå bileta. Tenk så mange pasientar som kjem til å få glede av desse, var det første som slo meg, seier artotekar Tore R. Skarsten på Pasientbiblioteket ved Haukeland universitetssjukehus.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

På måndag mottok han og leiar for Pasientbiblioteket Gry Olsen Tronvold, fjorten unike måleri frå kunstnaren Thorstein Grantvedt. No skal dei kome pasientar på heile sjukehuset til gode.

– Eg vert inspirert når eg ser kor mykje glede bileta mine spreier. Då er det ikkje vanskeleg å gi, smilar Grantvedt når han svarar på kvifor han ga bort dei fantastiske bileta til Haukeland.

Takknemleg
Tidlegare har han foræra både Lungeavdelinga og Hjarteavdelinga med kunstverkane sine.

Det veit Tore godt, for han har nemleg beundra desse - som heng i daglegstua i 5. og 6. etasje i Sentralblokka - i mange år.

– Då eg høyrde kven som ville gi oss bilete, blei eg heilt gira. Eg visste jo at dei kom til å vere vakre, seier han.

Glede andre
– Det starta tilfeldig for nokre år sidan då eg var medlem av eit rallarorkester, og vi hadde konsert i samband med opninga av likemannstilbodet på Lungeavdelinga.  Eit anna medlem i orkesteret sa: ”Thorstein, desse kvite veggane må du gjere noko med”, fortel kunstnaren. Då var det gjort.

– Hjarteavdelinga fekk sine når ein kjenning av meg mista kona si. Ho ønska at han skulle samle inn pengar til å kjøpe kunst til dei, slik at pasientane hadde noko pent å kvile augo sine på i staden for ein korktavle. Eg var ikkje vanskeleg å be, seier den sympatiske kunstnaren.

– Det er sant som det vert sagt; det største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad!


Publisert 18.11.2011 09:35 | Endret 18.11.2011 10:04 

 Pasientbiblioteket

  • Artotektenesta på Haukeland er ein del av Pasientbiblioteket.
  • Tore går rundt på alle avdelingane på sjukehuset med ein tralle der pasientar kan velje kva slags bilete dei har lyst å ha hengande på rommet når dei er innlagd på sjukehuset.
  • Per i dag har artoteket 144 bilete i sitt arkiv

Les meir om artotektenesta her

 Thorstein Grantvedt

- har for tida utstilling på Norsk Fjellmatsenter på Geilo fram til 30. november

- har bilete utstilt på Nordbye i Olav Kyrresgate 2

- malar mest motiv frå bymiljø, fjellheimen, naturen samt ein del portrett

- les meir på http://grantvedt.tk./
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo