Bakgrunnen er ei ny sponsoravtale med tørstedrikkprodusenten Chaqva. Der inngår mellom anna at kvar gong Dale Oen gjer det godt i konkurransar, vil det bli overført 10 000 kroner til eit godt formål utpeikt av Dale Oen sjølv.
Alexander Dale Oen hjelper barna på Haukeland. |
Og Dale Oen har bestemt seg: Han ønskjer å bidra til ein lysare kvardag for barn som er innlagte ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
- Eg er svært glad for å kunne bidra til at barna ved Haukeland kan oppleve nokre lyspunkt innimellom tøffe kampar og utfordringar. Dersom mine framsteg og mine bidrag gjennom min nye samarbeidspartnar kan auke barna sin gnist, pågangsmot og kvaliteten på sjukehusopphaldet med berre nokre promille, blir eg stolt, seier Alexander Dale Oen.
I Polen vann Dale Oen gull og bronse i EM på kortbane. Dermed er den første pengegåva allereie undervegs til barna. Og meir kan det bli om OL-sesongen 2012 går slik symjaren og idretts-Noreg håpar.
I London er Dale Oen favoritt til OL-gull på 100 meter bryst, og medaljekandidat på den doble distansen.
- Dette er fantastisk. No får vi ein ekstra grunn til å heie fram symjestjerna vår, seier kommunikasjonsdirektør Mona Høgli ved Haukeland universitetssjukehus.
Publisert
12.01.2012 09:00 |
Endret
12.01.2012 09:16