– Det er fantastisk gøy å sjå på, fortel viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad. Ho er ein av dei som har tjuvtitta på fleire av episodane som er ferdig redigerte.
Kva skjer i første episode?
– Det gjer meg stolt og audmjuk å sjå kor mange dyktige tilsette vi har. Hovudpersonane i serien er dedikerte til arbeidet sitt og det er spesielt flott å sjå korleis dei behandlar pasientar i sårbare situasjonar, skryt Faugstad. Ho har gjennom episodane fått bekrefta at dei tilsette er glade i jobben sin.
Kvinnsland håper på høge sjåartal
I fleire månader har tilsette ved Haukeland universitetssjukehus hatt tv-team hengande på slep etter seg på veg til operasjon, brannskadebehandling, opptrening med pasient, fødsel på Voss og ambulanseoppdrag. Heile 17 tilsette på ulike avdelingar skal denne hausten vere tv-stjerner på TV3 si storsatsing.
Billedtekst: Fysioterapeut Unni Moen (t.h) har hatt fotograf Ingrid Losnegard i hælane i fleire veker. - Eg trur dei som ser TV3-serien vil få eit riktigare bilete av kva som skjer på eit sjukehus og korleis vi prioriterer, seier Moen. (foto: Linda Hilland)
Kjekt å vise fram jobbkvardagen min
– Litt rart i starten, men no er det overraskande naturleg å ha filmteamet på slep, fortel Unni Moen, fysioterapeut på Spinaleininga.
Ho tok utfordringa på strak arm då ho vart spurt om å vere med.
– Eg synes det er viktig at ein får vist fram kva ein fysioterapeut gjer på eit sjukehus. Bror min trur at eg berre masserer, så det skal bli godt å få vist fram arbeidskvardagen min. Både til familie, vener og kjente, smiler Moen.
Ho er også glad for at spinaleininga får merksemd.
– Vi har mange hardt skadde unge pasientar som sit i rullestol. Eg håper serien får fram at rullestolbrukarar er heilt vanlege folk og at den viser litt av deira kamp for å trene seg tilbake igjen til eit best muleg liv, seier Moen.
Skrekkblanda fryd
Sjukepleiar Grete Sæterlid ved kirurgisk klinikk post 2, urologi, har også hatt eit tv-team i hælane.
– Når du er i pasientsituasjonar gløymer du litt at dei er der, seier ho.
Likevel framkallar tanken på første episode skrekkblanda fryd hos Sæterlid.
– Dess nærare det kjem, dess meir tenkjer eg: kva er det eigentleg eg har gitt meg ut på! Ho ler. Skrekken sit ikkje djupt.
– Forhåpentlegvis viser serien at det ikkje er så skummelt å hamne på sjukehus som mange trur.
Vil vise fram engasjementet
– Vi ønskjer at serien skal gi eit unikt og spennande innblikk i kvardagen på Haukeland. Samstundes vil vi vise fram engasjementet og ønske om å hjelpe pasientane i ein travel og krevjande arbeidsdag, fortel Glenn Støldal, presse- og informasjonsansvarleg i TV3.
Støldal (bilete) seier at serien Sykehuset har vore ein suksess de tre første sesongane då dei filma på Ahus. I fjor hadde serien om lag 120.000 sjåarar. Denne sesongen har TV3 auka sendetida frå 22 minutt til 43 minutt for å gå litt meir i djupna og fortelje fleire historier i løpet av ein episode.
Etikk og pasienttryggleik
Produsent Torstein Røste i Limelight Film & TV AS seier at det har gått bra med filminga på Haukeland.
– Å filme på eit sjukehus er ein svært spesiell setting. Vi har hatt fleire møter med leiinga på sjukehuset før vi starta opp. Eit etisk overtramp kan felle heile produksjonen. Difor er etikk og pasienttryggleik i førarsetet. Ingen skal på tv utan at dei synes det er greitt, seier Røste.
Gå ikkje glipp av den første episoden!
>
Sykehuset kommer på Tv3 from Haukeland University Hospital on Vimeo.
Publisert
29.08.2010 09:50 |
Endret
01.10.2010 22:24