Styremøte for helseregionen til havs 

International Maritime Health Association (IMHA) som arbeider for betre helsetilbod til sjøfolk over heile verda hadde denne veka styremøte ved Norsk senter for maritim medisin på Haukeland universitetssjukehus.
 

Norsk senter for maritimt medisin som har eit omfattande samarbeid med denne non-profit organisasjonen var vert for møtet.

IMHA besøker Norsk senter for maritim medisin på Haukeland
Styret i IMHA: Frå venstre: Kris Lemmons - Belgia, Joseph Abesanis - Filipinene, Nigel Griffiths - Singapore, Rob Verbist - Belgia, President i IMHA Suresh Idnani - India, Ilona Denisenko - Russland, Andra Ergele - Latvia, Nebojsa Nicolic - Kroatia. Bak: Visepresitent IMHA Alf Magne Horneland.

– Eit intenst og godt styremøte hadde vi. Vi rakk akkurat å bli ferdige før alle skulle rekke fly heim att, smiler Alf Magne Horneland ved Norsk senter for maritim medisin.

Styret diskuterte prosjekta dei jobbar med i fellesskap for tida, som går på ernæring hos sjøfolk, førebygging av helseskadar til havs, telemedisin, kartlegge sjukdom og skadar, traumebehandling og korleis handtere alle helseaspekt rundt piratverksemd.

Etter styremøtet reiste to av medlemene til Volvat Medisinske senter i samband med at dei skal vere pilotklinikk for ein ny internasjonal kvalitetssikringsstandard.

– Korleis vi på best mulig måte skal gjere helseundersøkingar av sjøfolk er målet med den nye standarden som skal innførast globalt, seier Horneland. Standarden er heilt ny og blir lansert i Manila på Filipinene til neste år. Den er tidlegare prøvd ut i fleire andre land, men for første gong i Noreg.

Sjå også:
Textbook of maritime medicine

IMHA:   www.imha.net

IMHAquality: www.imhaquality.net




Publisert 19.10.2011 15:40 | Endret 20.10.2011 12:12 

 Publisert av eining

 Fakta medisin til havs

Pasientgrunnlag:

  • 80 000 sjøfolk seglar under norsk flagg
  • 1,5 millionar sjøfolk jobbar i verda
  • 50 000 skip over 500 tonn seglar på verdshava
  • 30 millionar fiskarar jobbar til havs

International Maritime Health Association er den einaste internasjonale non-profit organisasjonen som jobbar for best mulig helsetilbod for sjøfolk, offshorearbeidarar, fiskarar og dykkarar. Dei har kontakt med WHO, IMO og ILO.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo