|
Nina Kleven-Madsen, seksjonsleder for Senter for Nuklærmedisin og PET,
Laila Dåvøy (KrF), Arne Sortevik (FrP) og Kjersti Toppe (Sp). |
-Det er utruleg korleis teknologien utviklar seg, og flott å sjå at Haukeland er i front! sa Hilde Magnussen Lydvo etter at politikarane hadde fått ei omvisning på det nye PET-senteret.
Stortingspolitikarane fekk også ein gjennomgang av arealplanen for Helse Bergen. Det nye barne- og ungdomssenteret, som har fått lånetilsegn i forslaget til statsbudsjett, vart via mest merksemd.
Erna Solberg var svært interessert i dei nye planane.
-Spesielt planane om Barnas Energisenter, det er nytt og spennande! sa Solberg etter møtet.
Politikarane hadde sjølv bedt om å få høre meir om bemanning og ventetider innan psykiatrien. Divisjonsdirektør Hans Olav Instefjord kunne vise at situasjonen per i dag ikkje er så dårleg som medieoppslaga kunne tyde på.
-Men vi har for få psykiatrar. Og det er politikarane som sitt med løysinga: Vi treng fleire heimlar slik at vi kan utdanne fleire eigne psykiatrar, var bodskapen frå Instefjord.
I løpet av besøket, fekk gjestane også informasjon om arbeidet med ruspasientar, samhandling, korridorpasientar, ventetider og fødetilbudet.
Hilde Magnussen Lydvo var godt fornøgd med den informasjonen ho hadde fått.
-Det er verdifullt for oss å møte folk på Haukeland og kunne kommunisere direkte med dei som står midt oppe i sjukehuskvardagen, sa Lydvo.
Administrerande direktør Stener Kvinnsland synes godt om at stortingspolitikarane ønskjer å besøke Haukeland.
-Flott at dei vil bruke tid på å sette seg grundig inn i forholda i spesialisthelsetjenesta, eg sett pris på at dei er så interesserte i det vi held på med, seier Kvinnsland.
Publisert
11.10.2010 14:45 |
Endret
12.10.2010 10:06