Slik unngår du augeskadar nyttårsaftan 

Nyttårsaftan nærmar seg, og med den fyrverkeri og fare for alvorlege augeskadar. – Dropp alkohol, bruk vernebriller og hald avstand, råder overlege Nils Bull på Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Av Anne-Christine Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Augelegen på Haukeland har etter kvar nyttårsaftan kartlagt augeskadar for heile landet, og dei siste åra har han behandla mange pasientar som har fått alvorlege augeskadar av fyrverkeri. På bakgrunn av desse erfaringane har Nils Bull klare meiningar om korleis ein kan unngå slike skadar.

Bruk vernebriller
- Skal du være i nærleiken av fyrverkeri, bør du ha på deg vernebriller. Sjå også til at barn og dei som skal handtere det, vernar auga med vernebriller. Briller kan du få tak i der du handlar fyrverkeri for ein billig penge, opplyser Bull. Ingen av dei som fekk alvorlege augeskadar på nyttårsaftan i fjor brukte vernebriller.

Hald avstand
- Det viktigaste er å halde god avstand til fyrverkeri, fordi det er så vanskeleg å ha kontroll på. Hald deg inne, eller stå minst 100 meter unna fyrverkeriet, rådar Bull. Han fortel at nær halvparten av dei som vert skada, er tilskodarar.

Ver edru
- Vår erfaring er dessverre at mange av dei som kjem inn med skadar etter oppskyting av fyrverkeri, er påverka av alkohol. Hadde fleire vore edru ved oppskyting, kunne nok mange av desse skadane vore unngått, seier Bull som oppfordrar folk til å sjå på offentleg organisert fyrverkeri der det er eit alternativ.

Gamle hovudbygg ved Haukeland universitetssjukehus
Foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus

Augeskadar for heile landet på nyttårsaftan dei siste åra:
2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege

 


Publisert 30.12.2011 09:25 | Endret 30.12.2011 11:06 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo