Skal utvikle nye næringsmiddel 

Innovasjon Norge har gitt totalt tre millionar kroner til TINE SA, Bergen kommune og Haukeland universitetssjukehus for å utvikle eit nytt ernæringskonsept.
Av Camilla C. Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 
– Vi gler oss til å vere med på å lage gode produkt som er tilpassa eldre og småspiste pasientar sine behov, seier Kari Sygnestveit.

Sygnestveit er klinisk ernæringsfysiolog og ernæringskoordinator ved Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) på Haukeland universitetssjukehus. Haukeland universitetssjukehus Skal utvikle nye næringsmiddel
Illustrasjonsfoto: colourbox

I lag med Bergen kommune skal sjukehuset samarbeide med TINE SA om å lage eit ernæringskonsept som skal møte behova hos eldre, samt pasientar med dårleg ernæringsstatus.

– Gjennom ernæringssatsinga i Helse Bergen identifiserar vi mange underernærte som treng eit tilpassa tilbod i heimen. Nye næringsmiddel til denne målgruppa er derfor i tråd med våre og Bergen kommune sine retningslinjer for ernæring, seier Sygnestveit.

Haukeland universitetssjukehus har saman med Innovest gjennomført eit forprosjekt med støtte frå det nasjonale programmet InnoMed. Dette representerer eit viktig grunnlag for det offentlege forskings- og utviklingsprosjektet (OFU) som skal resultere i betre næringsmiddel for utsette grupper.

– Tildelinga er eit resultat av vår satsing på å sikre at inneliggjande pasientar har ein ernæringsstatus som gjer dei betre rusta til å gjenvinne helsa, utdjupar Sygnestveit.


God på ernæring
Sygnestveit har jobba med Helse Bergen sin ernæringsstrategi, og fortel at arbeidet med å screene ernæringsstatusen hos inneliggjande pasientar, ernæringsbehandling og det at ernæringsarbeidet er forankra i heile føretaket, har betydd mykje.

– Det har gjort at vi no er kvalifisert til ei viktig rolle i dette samarbeidsprosjektet, seier ernæringskoordinatoren.

Ekspertar
Utviklinga og produksjonen av nye næringsmiddel skal skje hos TINE SA, men den faglege ekspertisen - som handlar om dokumentasjon av effekt og testing av produkta i reelle pasientsituasjonar - skal liggje hos ekspertane på Haukeland universitetssjukehus og i Bergen kommune.

– Gjennomføringa av prosjektet vil krevje tverrfagleg deltaking frå ei rekkje institusjonar. Organiseringa skjer i FoU-avdelinga her på sjukehuset, fortel Sygnestveit, som ser fram til å ta fatt på samarbeidsprosjektet.

Kontinuitet viktig
– Dette er eit eineståande spennande prosjekt! seier aministrerande direktør Stener Kvinnsland

- Prosjektet er ei vidareføring av det arbeidet vi har gjort for å forbetre ernæring for sjukehuspasientane. Det er viktig med kontinuitet i heile forløpet, og i dette prosjektet kan vi støtte opp om og leggje til rette for betre ernæring for pasientane også utanfor sjukehuset, seier Kvinnsland.


Publisert 14.10.2011 11:00 | Endret 27.10.2011 13:40 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo