For første gong har Samhandlingsprisen blitt delt ut av Helsedirektoratet. Fjell kommune fekk prisen for prosjektet JordmorHeim, i samarbeid med Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
|
|
Frå utdelinga i Foldnes kyrkje: Frå venstre: Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad, jordmor Hege Verpe Nordvik, ordførar Eli Årdal Berland og fylkeslege Helga Arianson.
|
Prosjektet JordmorHeim er gjennomført som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune, og startar opp til nyttår. Friske barselkvinner og barn får reisa tidleg heim frå Kvinneklinikken og får ei god fagleg oppfølging heime av lokale jordmødre.
- Både kommunen, Haukeland universitetssjukehus og staten har hjelpt til økonomisk for å gjera dette mogleg. Men det hadde ikkje gått utan den ekstrainnsatsen og entusiasmen eg veit de har lagt ned for å få det til, sa Helga Arianson under utdelinga.
- Det arbeidet de gjer er svært viktig. Eg ønskjer dykk lukke til vidare med samarbeidet og med den innsatsen de gjer for kvinner og barn i Fjell kommune, sa Arianson.
Publisert
17.12.2010 14:45 |
Endret
20.12.2010 08:54