Samhandling skal bli meir enn ein festtale 

Onsdag var første samhandlingsmøte mellom Helse Bergen og kommunane i føretaket sitt nedslagsfelt. Målet er å bygge opp faste kontaktpunkt for informasjon og samarbeid på begge nivå.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Bakgrunnen for samhandlingsmøtet er regjeringa si samhandlingsreform, som vil bli lagt fram i form av ei stortingsmelding i løpet av juni 2009.

"Manglende kontakt mellom sykehus og kommuner er det viktigste hinderet for å gjøre helsetjenesten enda bedre. Dette skal vi nå gjøre noe med. Samhandling skal skje på grunn av, ikke på tross av systemene", sa helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen i ei pressemelding nyleg.

Solid reiskap
Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad, ønskjer også å gjere reforma til meir enn ein 17. mai festtale.

– Det er ikkje slik at vi ikkje har samhandla tidlegare, men vi har ikkje vore gode nok, sa ho til ei lydhøyr forsamling på Haukeland onsdag.

– Men no er alle avtalar mellom Helse Bergen, Haraldsplass og kommunane revidert, med ei solid politisk forankring i kvar kommune. Dette gjer at vi har ein veldig god reiskap for å betre samhandlinga. Vi har også oppretta fire samarbeidsutval i kvar region, og desse skal vere nøkkelen for å få dette til.

Koordinerande funksjon
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering stod som arrangør av møtet onsdag. Kompetansesenteret har også funksjon som regional koordinerande eining og koordinerande funksjon for Helse Bergen føretak. Den koordinerande eininga skal ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak ved sjukehusa i regionen, og den skal ha oversikt over og kontakt med habiliterings- og rehabiliteringstilbod i alle kommunane i regionen.

– Vi har eit hovudansvar for å etablere faste og stabile samarbeidsrutinar og møteplassar med kommunane i helseføretaket sitt primære nedslagsfelt, seier Merethe Boge, rådgivar ved Kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.

– Dette er første møtet med det formål å bygge opp faste kontaktpunkt for informasjon og samarbeid på begge nivå.

Til møtet onsdag var koordinerande einingar og kontaktpersonar for habilitering og rehabilitering i alle kommunane invitert. Det same var aktuelle avdelingar i Helse Bergen og Lærings- og meistringssentra.


Publisert 01.04.2009 12:50 | Endret 17.02.2011 12:04 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo