Begge beina er kappa like nedanfor kneet, og venstrearmen manglar. Men Hole kjem likevel gåande inn på Brannskadeavsnittet, der han var pasient i over to månader i 2004. Med kunstige bein og ei krykke i den handa som er att, klarar Hole seg stort sett sjølv.
– Det går no bra, seier han. Og smiler.
– Etter forholda.
Mykje trening ligg bak denne autografen. Dottera Kari viser stolt
fram kva faren klarar. I bakgrunnen kona Solveig Hole.
– Trudde vi skulle miste han
Fullt så bra gjekk det ikkje då Oddvar vart akutt sjuk ein maikveld for tre år sidan.
– Han sa først at han lurte på om han heldt på å få lungebetennelse, fortel kona Solveig.
Ho og to av døtrene, Kari og Grete, vekslar på å fortelje. Sjølv tar Oddvar fort til tårene når historia skal gjenopplevast.
I løpet av natta vert Oddvar så dårleg at ambulanse blir tilkalla. Ved Voss sjukehus blir ulike prøvar tatt, og legane mistenkjer fort blodforgifting. Dei set straks i gang med behandling.
– Desse første timane hadde personalet på Voss fortløpande kontakt med Haukeland per telefon. Dei gjorde ein fantastisk jobb, seier Kari.
I løpet av dagen vert faren oversendt til Bergen, der han blir lagt i respirator på Intensiven. På grunn av blodforgiftinga har Oddvar fått ein del komplikasjonar som blødingar i huda. Samstundes er det små blodproppar i dei små blodårene, og dette i lag gir dårleg blodsirkulasjon. Denne kvelden er Oddvar så dårleg at familien får tilbod om å snakke med prest.
– Til tider trudde vi at vi skulle miste han, seier Grete.
Sjølv hugsar Oddvar svært lite frå den dramatiske tida på Haukeland for tre år sidan. Han låg for det meste i ein døs.
Multiorgansvikt
Det var pneumokokkar som gjorde Oddvar så sjuk. Dette er ein vanleg bakterie som i nokon tilfelle kan forårsake lungebetennelse, og om den går i blodbana: blodforgifting. Då angrip og drep den friskt vev og indre organ i raskt tempo. Resultatet er multiorgansvikt og ei total øydelegging av kroppen. Risikoen for å døy er stor. Seksjonsoverlege Hallvard A. Vindenes ved Brannskadeavsnittet stadfestar at det heile var svært dramatisk.
– Vi var veldig usikre på korleis det ville gå, seier han.
– Vi kunne ikkje gi familien nokon forhåpningar.
Den einaste måten å stoppe bakterien på er å skjere vekk angripne delar av kroppen. I Oddvar sitt tilfelle både begge beina og ein arm. Ein kan også sjå spor etter bakteriane sine herjingar på nase, høgre øyre og på armen som er att. Men trass i dette lever Oddvar Hole i dag eit godt liv, noko han er svært takknemleg for.
– Eg trur ikkje folk kan forstå kva de har gjort for meg, seier han, tydeleg rørt.
Seksjonsoverlege Hallvard A. Vindenes tar ein kikk på handa til
Oddvar Hole. Avdelingssjukepleiar Øyvind Grytaas følgjer med.
Mange å takke
Både Intensivavdelinga, Brannskadeavsnittet, Infeksjonsmedisinsk seksjon, Ortopedisk avdeling og Plastikkirurgisk avdeling ved Haukeland deltok i behandlinga av Oddvar.
– Eg trur det var det som redda han, seier Kari.
– At han kom til eit miljø med så mange ulike profesjonar og dyktige fagfolk samla på ein stad. Ho smiler.
– Og staheita hans – han er frykteleg sta, og det har hjelpt han mykje.
For Vindenes og avdelingssjukepleiar Øyvind Grytaas er det godt å sjå kor bra det går med den tidlegare pasienten. Også dei trur at staheita er viktig.
– Sjølv om det er legane som reddar liv er det mykje opp til pasienten sjølv å avgjere korleis det skal gå etterpå. Oddvar Hole er eit levande døme på at det går an å få eit aktivt liv etter ein så stor og livstruande skade, seier dei.
Hole sjølv understrekar at han hatt mange gode hjelparar. Som har dytta og kjefta når det har vore nødvendig, og trøysta ved andre høve. I rehabiliteringsfasen var han først ved Ortopedisk avdeling ved Haukeland, seinare ved Voss sjukehus og no på sjukeheimen der han bur.
– Eg har mange å takka, seier han.
– Det kunne fort gått annleis.
Publisert
19.07.2007 13:55 |
Endret
22.09.2010 13:57