Raskt til nytte for pasientane  

Ein million kroner til ny ultralydmaskin frå Rebekka Ege Hegermanns legat og Rieberfondene kjem revmatiske pasientar på Haukeland til gode. Fredag vart gåva avduka på Revmatologisk poliklinikk.
 

Nesten alle pasientar som er til behandling ved Revmatologisk poliklinikk blir undersøkt i rommet med den nye ultralydmaskina som vart avduka fredag.

- Ein av statuttane i legatet er at pengane skal kome raskast mulig til nytte for pasientane, og det ser vi eksempel på her i dag, seier Øyvind Digranes, som er styreleiar i Rebekka Ege Hegermanns legat.

Ultralydmaskina er eit spleiselag, der Rieberfondene og Rebekka Ege Hegermanns legat gir ein halv million kroner kvar.

  Ny ultralydgåve til Revmatologisk avdeling
Øyvind Digranes og Christian Rieber frå Rieberfondene er imponert over ultralydbildene der legane kan sjå til og med dei aller minste ledda i fingrane på jakt etter slitasje eller betennelsesforandringar.



Ny ultralydgåve til Revmatologisk avdeling
Clara Gjesdal demonstrerer på si eiga hand korleis det er mulig å ta bilde inn i ledda.

- Det er alltid ein fest når vi treff dykk velgjerarar. Dette gir oss ein enorm vitamininnsprøytning og langt betre muligheit til å stille diagnose og velge rett behandling for pasientane våre, seier avdelingsdirektør Clara Gjesdal på Revmatologisk avdeling.

Ny ultralydgåve til Revmatologisk avdeling
Glade givarar og mottakarar: Frå venstre: Christian Rieber i Rieberfondene, Avdelingsdirektør Clara Gjesdal og styreleiar Øyvind Digranes i Rebekka Ege Hegermanns legat. Foran: Johanne Rieber Martens

Doblar kapasiteten
Dei to givarane har i 2010 gitt ei tilsvarande ultralydmaskin, lik den som vart avduka fredag.

Ny ultralydgåve til Revmatologisk avdeling
Johanne Rieber Martens avdukar gåva. 


Publisert 13.01.2012 18:10 | Endret 13.01.2012 18:35 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo